Slakteriet AS søkjer om løyve til ny fiskeforedlingsverksemd på Botnastranda

Høyringsfrist:
18. november 2022 23:59

Verksemda søkjer om løyve etter forureiningslova til nytt produksjonsanlegg for slakting, filetering og frysing av oppdrettsfisk på Botnastranda i Kinn kommune. 

Publisert 21.10.2022

Bakgrunn for saka

Slakteriet AS har vore lokalisert i Florø sentrum i lokale som har vore nytta til slakting av fisk i over tretti år. Verksemda dei siste fem åra hatt stor auke i produksjonen. Den eksisterande plasseringa gir lite rom for utviding og auke i produksjonskapasiteten. Slakteriet AS  ønskjer difor å flytte produksjonsverksemda til eit nytt produksjonsanlegg på Botnastranda for å kunne utvikle verksemda vidare. Det gamle anlegget i sentrum og produksjonen ved Slakteriet Brekke AS skal fasast ut samstundes med at det nye anlegget vert teke i bruk.

Søknaden gjeld løyve til forureining i samband med mottak, slakting, filetering, pakking og innfrysing av fisk. Fram til 2030 budsjetterer verksemda med eit produksjonsvolum på 40 000 tonn sløgd og hovudkappa fisk (HOG) per år. Dei første åra etter oppstarten på den nye lokaliteten vert det ikkje lagt opp til større slaktevolum enn kva som er tilfellet i dag, men frå 2033 skal dette volumet aukast til 50 000 tonn.

Det nye slakteriet vil bli bygt med ein slaktekapasitet på 100 000 tonn HOG per skift per år og 350 tonn per døgn. Ein normal produksjonsdag vil utgjere 150-200 tonn slakta fisk.

Produksjonskapasiteten for ferdig produkt vil overstige 75 tonn/døgn, som er grensa for om verksemda må ha utsleppsløyve etter forureiningslova. Produksjonen blir samstundes omfatta av EU sitt industriutsleppsdirektiv (IED) og vert med det underlagd dei bindande utsleppsgrensene (BAT-AEL) som er fastsette i BAT-konklusjonane som gjeld for næringsmiddelproduksjon. Desse nye krava vert gjort gjeldande seinast 4. desember 2023.

Prosessavløpsvatnet, inkludert vaskevatn frå produksjonen, skal reinsast med grov- og finfiltrering ved høvesvis 800 µm og 300 µm, feittutskiljing ved flotasjon og desinfisering med klorhaldig oksidant før utslepp på 60 meters djupne aust for Litle Terøya om lag 1500 meter nord for anlegget.

Naturmangfaldet i området rundt det planlagde utsleppspunktet vart kartlagt i samband med utarbeiding av områdereguleringsplanen for Florelandet Nord (alternativ 2). Det er i tillegg utført punktutsleppsmålingar, straummålingar og modelleringar av innblanding av utsleppet i vassmassane ved utsleppspunktet.

Offentleg ettersyn

Saksdokumenta ligg til høgre på denne nettsida.

Merknader til søknaden kan sendast til sfvlpost@statsforvalteren.no, eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.

Merk saka med referansenummer 2019/7565. Frist for å gi fråsegn er 18.november 2022.

Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.