Høyring av Stad marine verneområde

Høyringsfrist:
12. mai 2022 23:59
Føremålet med vern av Stad som marint verneområde er å ta vare på eit representativt havområde på den ytre, eksponerte kysten, frå land til ope hav. Verneverdiane er knytt til mangfaldet av undersjøiske naturtypar i dette sterkt eksponerte kystområdet på den inste delen av kontinentalsokkelen.
Føremålet med vern av Stad som marint verneområde er å ta vare på eit representativt havområde på den ytre, eksponerte kysten, frå land til ope hav. Verneverdiane er knytt til mangfaldet av undersjøiske naturtypar i dette sterkt eksponerte kystområdet på den inste delen av kontinentalsokkelen. Foto: Maria Knagenhjelm.

Som eit ledd i arbeidet med å ta vare på eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar, legg vi verneframlegget for Stad marine verneområde ut på høyring. Du er velkommen til å sende innspel innan 12. mai 2022 (ny frist). 

Publisert 09.02.2022

Det marine økosystemet under overflata rundt Stad-halvøya er rikt på naturmangfald, og sidan 2004 har Stad vore eit kandidatområde for marint vern. Området er utvida på sørsida av Stad i høve til oppstartmeldinga, samstundes som det er opna for taretråling på nordsida aust for Stålet. Til høgre ligg det fullstendige høyringsdokumentet med vedlegg.

Verneverdiar

Kandidatområdet Stad omfattar areal i Stad og Kinn kommunar, og området er ein representant for dei ekstremt eksponerte delane av norskekysten. Planområdet er 166,7 km2 stort. Farvatnet er delvis grunt, og har særeigne bølgjetilhøve på noko av den mest vêrharde kysten i landet. Det er nokre (undervass-) skjer i området, elles er farvatnet reint med ein sjøbotn som skrånar langsamt utover frå land.

Kandidatområdet utgjer den inste delen av kontinentalsokkelen kring Stad, der dei mest landnære areala har ei djupne < 50 meter, og ytst mot storhavet er djupna kring 200 meter. Sør for Stadlandet inkluderer høyringsframlegget ei aust-vestleg djupvassrenne frå Djupeskallen og inn på nordsida av Sildegapet. Dei sentrale delane av renna er ned mot 300 meter djup. Langs nordsida av renna er det ei bratt skråning og på sørsida av renna er det mange små ryggar og åsar.

Det er registrert ulike artar svamp, sjøpung, mosdyr, hydroider, nesledyr og børstemakk. Glaskorall (Lophelia pertusa) og sjøtre (Paragorgia arborea) er registrert, dei er raudlista i kategori nær trua (NT). Det er også kartlagt korallar i området, dei trivst på bratte berg på større djupner.

Området kring Stad inneheld også førekomstar av nedsokne torvmyrar. Dette er eit element som er spesielt og sjeldsynt i Noreg, sidan dette er eit av dei få kystavsnitta der havet har trengt inn over land etter den siste istida.

Stortareskog er ein naturtype som dekkjer store delar av kandidatområdet for marint vern på Stad. Førekomstane rundt Stad blir vurdert som svært viktig (nasjonal verdi). Studiar har vist at det kan leve over 100 000 organismar på ein enkelt tarestilk, og tareskogen er oppvekst- og leveområde til eit stort tal marine artar.
Stortareskog er ein naturtype som dekkjer store delar av kandidatområdet for marint vern på Stad. Førekomstane rundt Stad blir vurdert som svært viktig (nasjonal verdi). Studiar har vist at det kan leve over 100 000 organismar på ein enkelt tarestilk, og tareskogen er oppvekst- og leveområde til eit stort tal marine artar. Foto: Espen Rekdal.

Tareskogen er å finne på store delar av det føreslegne verneområdet. Det er registrert større, nær samanhengjande tareskogførekomstar her, og desse er vurderte som svært viktige (nasjonal verdi). Eit rikt dyre- og algeliv er registrert i tareskogen, og studiar har vist at over 100 000 organismar kan finnast på ein enkelt tarestilk. Stortareskog er eit svært produktivt og viktig økosystem som dannar livsgrunnlaget for ei mengd marine organismar. Les dei biologiske kartleggingane og meir om verneverdiar i temaartikkelen om kandidatområdet.

Verneføremål

Føremålet med vern av området er å ta vare på eit representativt havområde på den ytre eksponerte kysten, frå land til ope hav. Verneverdiane i eit slikt område er knytt til botnen og botnorganismane, og den store spennvidda i djupnetilhøve, botntilhøve og eksponeringsgrad, som til saman gjev stor spennvidde i plante- og dyreliv. Verneverdiane er knytt til mangfaldet av undersjøiske naturtypar i dette sterkt eksponerte kystområdet på den inste delen av kontinentalsokkelen.

Oppretting av eit marint verneområde inneber at det vert forbod mot tiltak som kan skade verneverdiane. Vegetasjonen, medrekna tang, tare og andre marine plantar, og dyrelivet i sjø blir verna mot skade og øydelegging. Planting av vegetasjon og utsetting av organismar blir forbode.

Verneforskrift og grenser 

Ved oppretting av eit marint verneområde vert det utarbeidd ei verneforskrift som fortel kva som er lov og ikkje lov i området (sjå vedlegg 2 i fana til høgre).

Eigedomstilhøva vert ikkje endra ved oppretting av marine verneområde, og i all hovudsak blir ikkje private eigedommar påverka. Hovudregelen er at eigarar av grunn ned til strandlinja har eigedomsrett ut i sjøen til marbakken eller – viss det ikkje er ein tydeleg marebakke – til to meters djupne med middels låg vasstand (normal fjøre). Grensa mot land går difor langs djupnekote 2 m under sjøkartnull for heile området unntatt der det marine verneområdet grensar til naturreservat på land, der også landareal i tidevassona opp til middel høgvatn (normal flo) er inkludert.

Verneområdet femner om overflata, vassøyla og sjøbotn. Det marine verneområdet dekker eit sjøareal på til saman 166,7 km² i kommunane Stad og Kinn (sjå oversiktkart i vedlegg 1A).

Generelt aukar ofte turismen til område rundt store naturvernområde, sidan eit vern indikerer at det kan vere flotte naturopplevingar der. Friluftsliv med fiske, dykking og surfing kan fortsetje som før, uavhengig av eit marint vern.
Generelt aukar ofte turismen til område rundt store naturvernområde, sidan eit vern indikerer at det kan vere flotte naturopplevingar der. Friluftsliv med fiske, dykking og surfing kan fortsetje som før, uavhengig av eit marint vern. Foto: Maria Knagenhjelm.

Staten er eigar for alt som er nedanfor 2 meters djupne frå sjøkartnull. Strandeigarar kan likevel ha visse tinglyste rettar til å utnytte sjøareal utanfor eigedomsgrensa. Verneforslaget er sendt på høyring til grunneigarar innanfor vernegrensa.

Statsforvaltaren går i framlegget inn for å utvide det marine verneområdet i sør samanlikna med den føreslegne avgrensinga i oppstartmeldinga. Dette er i tråd med framlegg frå dåverande Selje kommune og fleire andre høyringspartar. Vi går samstundes inn for ei noko mildare forskrift aust for Stålet. 

Det er i dag tre eksisterande verneområde på Stad-halvøya. Naturreservata Tungevåg, Dekkjene og Høgfjellet ligg tilgrensande kandidatområdet for marint vern. I tillegg har Stadlandet eit større område på 45 000 dekar med status som Utvalt kulturlandskap (UKL) som også grenser til det marine vernet. Selje kommune tok opp i oppstartsfasen av verneplanen eit ønskje om å sjå heilskapen av verdifulle natur- og kulturområde, både på land og til havs.

Hoddevik ligg inne i utvalte kulturlandskap (UKL), mellom anna fordi området er rikt på landskapsverdiar og kulturminne. Det er eit populært rekreasjonsområde og langs strandlinja er det i kommuneplanen avsatt areal til spesialområde friluftsliv. Grensa for det marine verneområdet vil gå på to meter under sjøkartnull (sjøkartnull er gjennomsnittleg lågvatn/fjøre)
Hoddevik ligg inne i utvalte kulturlandskap (UKL), mellom anna fordi området er rikt på landskapsverdiar og kulturminne. Det er eit populært rekreasjonsområde og langs strandlinja er det i kommuneplanen avsatt areal til spesialområde friluftsliv. Grensa for det marine verneområdet vil gå på to meter under sjøkartnull (sjøkartnull er gjennomsnittleg lågvatn/fjøre) Foto: Maria Knagenhjelm.

Generelt om verknadar av vernet

Av dei aktørane som bruker området i dag er det taretrålingsnæringa som vil få innskrenka sin aktivitet vest for Stålet og sør for Stad. Negative konsekvensar for andre interesser vil ikkje vere nemneverdige ut i frå innspela i oppstartsfasen og vår kunnskap om bruken av området i dag.

I høyringsbrevet har vi skildra ei tematisk oppsummering av brukarinteressene, både dagens bruk og planlagt bruk, i kandidatområdet. Høyringsperioden vil kunne få fram fleire interesser som Statsforvaltaren til no ikkje har fanga opp.

Eit marint verneområde vil ikkje leggje restriksjonar på ferdsel. 

Ved etablering av nye verneområde i dag er det vanleg at pågåande, lovlege aktivitetar kan fortsette, også etter vedtak i statsråd. Eit vern har til hensikt å ta vare på området og unngå store inngrep som utfylling, boring eller nye, tekniske installasjonar. For enkelte aktivitetar vil marint vern innebere restriksjonar slik at naturverdiane får auka beskyttelse.

For dei fleste som nytter Stad i dag vil vernet få liten eller ingen verknad. Normal friluftsaktivitet med fritidsfiske, ferdsle med båt, surfing og dykking vil kunne fortsetje uavhengig av eit vern eller ikkje. Sanking av tang og tare ned til lågaste flomål for rettshavarar eller til undervisning vil vere lov, medan kommersiell hausting som taretråling vest for Stålet eller skjellskraping kan påverke verneverdiane i vesentleg grad og vil ikkje vere lov.

Ei vik med roleg farvatn med grunn sjøbotn og røsslyng i framgrunnen
I Stad er det fleire hamner, bryggjer og moloar i bruk, med naust og båtstøer tilgrensande til verneområdet. Drift og vedlikehald er lov for eksisterande anlegg og innretningar som ligg i verneområdet, jamfør verneforskrifta. Biletet er frå den trygge hamna Honningsvågen, der vernegrensa går langs utsida av moloen. Foto: Maria Knagenhjelm.

Vedlikehald av eksisterande anlegg og innretningar som til dømes bryggjer og moloar vil vere lov. Tiltak ut over vanleg vedlikehald vil i utgangspunktet ikkje vere lov. Det er i forskrifta § 5 teke inn ei rekkje heimlar for å søkje om dispensasjon. Gjennom handsaming av ein søknad vil verneområdeforvaltinga sikre at miljøomsyn vert lagt til grunn i vurderinga av om løyve vil bli gitt. Til dømes kan det bli sett vilkår om tidspunkt på året for gjennomføring, eller samling av enkeltsøknadar, dersom dette kan ta meir omsyn til biologisk mangfald og samla belasting. Vilkår knytt til eksempelvis kanalisering av kablar og leidningar til traséar utanom viktige naturførekomstar kan også bli sett.

Verneforskrifta legg ikkje opp til regulering av fisket slik det går føre seg i dag, sidan dette allereie er regulert gjennom havressurslova og lakse- og innlandsfisklova. Reiskap som påverkar botn vil likevel bli forbode av omsyn til mellom anna korallførekomstar. Om vern vil medføre konsekvensar for eventuell framtidig akvakultur, vil avhenge av konkrete vurderingar av om slik aktivitet er i tråd med verneføremålet.

Vi legg opp til utarbeiding av forvaltningsplan med definerte bevaringsmål som grunnlag for å overvake tilstanden i Stad marine verneområde. Ein forvaltningsplan vil også utdjupe verneforskrifta og gi retningsliner for brukarinteressene.

Vern er i hovudsak eit verkemiddel for å verne natur mot menneskeleg påverknad, men mange verneområde inngår også som eit positivt element i lokal identitetsskaping og marknadsføring av lokal næring. Dette vil vere av dei varige positive verknadane av oppretting av eit marint vern på Stad. Vi erfarer at lokalbefolkninga har eit nært og sterkt forhold til naturen både over og under havoverflata, og at vindkraftutbygginga på Stadlandet har skapt diskusjonar både lokalt og nasjonalt. Innspela frå lokalt hald til verneplanen, der det nærmast er eit samrøystes krav om å utvide det marine verneområdet som låg til grunn i oppstartsmeldinga, slik at tareskogane får utvikle seg naturleg og utan inngrep, vil Statsforvaltaren framheve som unikt i vernesamanheng.

gråvær med bølgjer i havet og steinete strand i forgrunnen
I oppstartsmeldinga var ikkje strekninga Fure til Liset på sørsida av Stadhalvøya med i verneutkastet. Etter mange innspel frå grunneigarar, lokal fiskerinæring og frå kommunen fekk vi utført ei ekstra kartlegging av dette området. Det vart registrert nasjonalt verdifulle marine område med både stortareskog og djupvasskorallar. I det fjerne kan ein sjå Kråkenes i Kinn kommune, på den andre sida av Sildegapet. Foto: Maria Knagenhjelm.

Dei negative verknadane av eit marint verneområde vil taretrålenæringa få kjenne, med færre tareskogar å hauste. Dette vil bli varige verknadar, og taretrålingsnæringa meiner at det vil gå hardare utover andre tarehaustingsområde for å unngå for stor reduksjon i omsetninga. Næringa seier på den andre sida at det ikkje er kjent store økologiske effektar av tarehausting.

Statsforvaltaren meiner så langt i prosessen at dei positive sidene av eit marint vern rundt Stad vil vege tyngre for natur og samfunn enn dei negative sidene, men vil gjere ei grundig vurdering av alle innspela vi får i høyringa før vi tilrår saka vidare. 

Bakgrunn, saksgang og prosess 

Framlegget til Stad marine verneområde vert med dette lagt fram for høyring i medhald av § 39 i naturmangfaldlova. Arbeidet er gjennomført i tråd med § 42 i naturmangfaldlova og kapittel VII i forvaltingslova. Verneprosessen for det marine arealet kring Stad er eit ledd i arbeidet med å verne eit representativt utval av norsk natur for komande generasjonar. I den nyleg framlagde stortingsmelding nr 29 (2020–2021Heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur vart det presisert at marin verneplan frå 2004 skal halde fram. Av dei 36 kandidatområda som låg inne i marin verneplan frå 2004, er så langt 16 verna etter naturmangfaldlova og 3 beskytta etter havressurslova.

Denne korallen er registrert i djupe område i Sildegapet på Stad. Den heiter glas(s)korall, augne-/auge- eller øyekorall, men er også kjent som Lophelia pertusa. Den  er nær truga  (NT) på den norske raudlista, fordi den berre veks 1 mm i året og er lett å øydeleggje om det kjem ein botntrål forbi.
Denne korallen er registrert i djupe område i Sildegapet på Stad. Den heiter glas(s)korall, augne-/auge- eller øyekorall, men er også kjent som Lophelia pertusa. Den er nær truga (NT) på den norske raudlista, fordi den berre veks 1 mm i året og er lett å øydeleggje om det kjem ein botntrål forbi. Foto: Erling Svensen.

Arbeidet er gjennomført etter oppdrag frå Klima- og miljødepartementet til Miljødirektoratet i 2017, som då gav Fylkesmannen i oppdrag å gjennomføre ein verneplanprosess for Stad som marine verneområde. Dåverande Fylkesmannen i Sogn og Fjordane sende oppstartmelding for arbeidet med marint vern for Stad i november 2017. Fylkesmannen hadde fleire møte med grunneigarar, kommune og fylkeskommune, næringsverksemder med fleire i oppstartsfasen. Møtereferat ligg i fana til høgre som vedlegg 4.

Det er Statsforvaltaren i Vestland som er ansvarleg for å lage verneframlegg og sende dette på høyring etter rammer sett av Miljødirektoratet. Oppstartsmeldinga om arbeidet med marint vern kring Stad vart sendt i november 2017. Det har så langt som råd vore teke omsyn til innspel til oppstartsmeldinga ved utarbeiding av det endelege verneforslaget, som inkluderer framlegg til verneforskrift med vernereglar, avgrensing og verneverdiar. Ei oppsummering av innspela ligg som vedlegg 3 i fana til høgre.  

Etter høyringa vil Statsforvaltaren utarbeide ei tilråding for vern som vert sendt til Miljødirektoratet. Deretter sender Miljødirektoratet ei endeleg tilråding til Klima- og miljødepartementet som kan fremje vedtak om oppretting av verneområde for Kongen i statsråd. Eit eventuelt vernevedtak vil vere ein kongeleg resolusjon, der verneforskrifta med tilhøyrande vernekart er dei juridisk bindande dokumenta. 

Dersom vedtak om vern vert ein realitet, skal Statsforvaltaren i ettertid utarbeide forvaltingsplan for det einskilde området. Forvaltingsplanen er ikkje juridisk bindande på same måten som verneforskrifta, og skal skissere ei rettesnor for forvaltinga innanfor rammene av verneforskrifta. Det vil bli eigne høyringsprosessar for desse forvaltingsplanane.

Innspel

Høyringsbrevet (ligg til høgre i sin heilskap) og tilhøyrande dokument er sendt til offentlege instansar, foreiningar og interesseorganisasjonar. Alle involverte partar blir oppmoda til å ta del i høyringa. Fråsegn kan du sende til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger eller til sfvlpost@statsforvalteren.no

Merk saka med «Høyring av Stad marine verneområde». Vi tek med oss alle innspel til oppstartsmeldinga vidare i prosessen, der dei vil bli handterte som høyringsfråsegn med mindre vi har fått ny uttale frå dykk. Høyringsfristen for å kome med fråsegn til verneframlegget er sett til 12. mai 2022 (ny frist, den gamle fristen var 15. april).

Eit rikt dyre- og algeliv er registrert langs Stad-halvøya. Stortareskog er eit svært produktivt og viktig økosystem som dannar livsgrunnlaget for ei mengde marine organismar. Denne steinkobba finn seg både ly og føde i tareskogen.
Eit rikt dyre- og algeliv er registrert langs Stad-halvøya. Stortareskog er eit svært produktivt og viktig økosystem som dannar livsgrunnlaget for ei mengde marine organismar. Denne steinkobba finn seg både ly og føde i tareskogen. Foto: Espen Rekdal.