Vi startar vernearbeid for Vestreim i Sogndal kommune
- Høyringsfrist:
- 4. november 2021 23:59
Vi sender ut forslag om oppretting av Vestreim naturreservat som ein del av arbeidet med frivillig skogvern. Frist for uttale er 4. november 2021.
Etter dialog med grunneigar og AT Skog melder vi formell oppstart av frivillig skogvern skog på eigedom gnr 94 bnr 1 på Vestreim lokalisert mellom Kaupanger og Sogndal i Vestland.
Føremålet med denne oppstartsmeldinga er å informere om prosessen som no startar opp etter naturmangfaldlova, og for å innleie til medverknad og innspel frå aktuelle partar.
Totalt utgjer areala 3 148 dekar. Av dette utgjer områda om lag 2 367 dekar skog og derav om lag 2 196 dekar produktiv skog. I gjeldande kommuneplan har området føremålet landbruk, natur- og friluftsføremål (LNFR).
Naturverdiar
Det aktuelle tilbodsområdet for Vestreim vart kartlagt i samband med frivillig skogvern av Rådgivende Biologer AS i 2020. Dei viktigaste naturkvalitetane er knytt til gamal furuskog som er registrert som naturtype ved Vestreimstølen i nedre delar av tilbodsområdet. Naturtypelokaliteten har gjennomgåande god tilstand og er lite prega av hogst. Tresjiktet er dominert av furu, men det er også ein del innslag av bjørk, og noko rogn og gråor. Det er i tillegg enkelte ospebestand.
Skogen har variert alder med både yngre og eldre tre. Det er også registrert noko både ståande og liggande død ved. Død ved er ein svært viktig føresetnad for artsmangfaldet i naturprega skog. Det var ikkje registrert trua artar under kartlegginga, men Rådgivende Biologer vurderer at det er potensiale for nye funn, særleg knytt til død ved. Sjølv om areala er på høgdenivå frå 500 til over 900 meter over havet består det mest av skogarealet av høgare bonitetar.
Skogparti av verneframlegget for Vestreim. Foto: Statsforvaltaren i Vestland.
Kva betyr det at eit område vert verna?
For å ta vare på store og sårbare naturkvalitetar i eit område er det nødvendig med ei verneform som sikrar mot inngrep. Det er difor ønskjeleg å verne om områda som naturreservat. Ei slik verneform vil i utgangspunktet forby aktivitetar og nye anlegg som kan skade verneverdiane i naturreservatet. Vernet vil òg føre til visse restriksjonar på bruk av området, både når det gjeld hogst og andre inngrep.
Grunneigarane vil framleis ha rett til jakt, fiske m.v. og ålmenta vil framleis kunne plukke sopp og bær. Turstiar som er i området skal òg kunne haldast ved like. Kraftlinjer som går gjennom områda skal kunne driftast, vedlikehaldast og oppgraderast.
Frivillig skogvern
I dei siste åra er det frivillig skogvern som har vore den mest aktuelle verneforma. Som ordet seier, er dette eit vern der staten er heilt avhengig av at grunneigaren sjølv ønskjer dette.
I ein slik prosess er det grunneigar sjølv som tilbyr staten område for vern. For staten vil det vere viktig at det finst viktige miljøverdiar innanfor det aktuelle området. Om det aktuelle området er interessant for vern, kan det setjast i gong ein prosess for å verne området. Grunneigar kan trekkje tilbodet når som helst under arbeidet, heilt fram til ein avtale er signert.
Dei verneframlegga som det no vert meldt oppstart om, er alle resultat av at grunneigarane har fremja tilbod til staten om frivillig vern.
Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på verneforslaget slik at prosessen og tema kan verta så opplyst som mogleg. Når innspel til denne oppstartsmeldinga er vurdert, vil Statsforvaltaren sende eit meir detaljert forslag til vern på høyring.
Du kan også sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til sfvlpost@statsforvalteren.no. Følg også lenke til vår eiga temaside om frivillig skogvern i høgre marg oppe på denne sida med generell informasjon om ordninga.
Frist for å kome med innspel er 4. november 2021
I adresselista i brevet har vi forsøkt å få med alle dei aktuelle høyringspartane vi veit om. Dersom de finn feil eller veit om fleire partar som de meiner burde ha fått brevet ber vi om tilbakemelding om dette.
- Høyringsfrist:
- 4. november 2021 23:59