Søknad om endra løyve i Simonsviken næringspark
- Høyringsfrist:
- 18. oktober 2019 23:59
Envir Jord AS søkjer om endra løyve etter forureiningslova for behandling og mellomlagring av forureina massar og uorganisk materiale på Laksevåg i Bergen kommune. Frist for uttale er 18. oktober 2019.
Om søknaden
Envir Jord AS søkjer om endra løyve for mottak, behandling og lagring av forureina massar på sitt avfallsanlegg i Simonsviken Næringspark.
Det er søkt om følgjande endringar:
- auke mottak av maksimal mengde forureina massar frå 50 000 til 150 000 tonn årleg
- auke maksimal mengde avfall på lager frå 5 000 til 15 000 tonn
- varmebehandling av forureina massar med innhald av framande artar
- knusing av betong innandørs
Det står opplyst i søknaden at det skal gjennomførast fleire støyreduserande tiltak som til dømes å byggje ny hall på kaiområdet. Dette vil halvere køyrelengda for bilar inne på området. Lasting på båt ved bruk av elektrisk transportband direkte om bord i båt vil også være eit støyreduserande tiltak. Verksemda opplyser at tiltaka vil redusere støy til trass for auka mottaksmengde.
Sjå søknad med vedlegg til høgre på sida.
Verksemda har i dag løyve til drift av anlegg for mottak, behandling og lagring av forureina massar gitt i 2017, sjå www.norskeutslipp.no.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida. Høyringsfristen er 18. oktober 2019.
Merknader til søknaden kan du leggje inn i skjemaet under, sende til fmvlpost@fylkesmannen.no, Fylkesmannen i Vestland, Statens Hus, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2018/1994. Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 18. oktober 2019 23:59