Ny strategi mot antimikrobiell resistens
Strategien har ei gjennomgåande tilnærming der folkehelse, dyrehelse, plantehelse og miljø blir sett i samanheng.
Publisert 03.10.2024
Antimikrobiell resistens (AMR) er ei av verda sine største helseutfordingar, og den nye strategien skal bidra til å redusere risikoen for at AMR aukar og utviklar seg til eit uhandterleg problem i Noreg.
Strategien «Nasjonal én-helse strategi mot antimikrobiell resistens» gjeld for perioden 2024-2033, og har seks overordna mål:
- Styrke det tverrsektorielle AMR-samarbeidet
- Forsterke førebygginga av AMR
- Sikre restriktiv og forsvarleg bruk av antimikrobielle middel
- Sikre tilgang til naudsynte antimikrobielle middel
- Auke og nyttiggjere kunnskap om AMR
- Vere ein aktiv pådrivar i den globale kampen mot AMR
Strategien er utarbeidd av Helse- og omsorgsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet.