Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2022
For deg som starta som LIS1 i kommunehelsetenesta september 2022.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Her er ei oversikt over kurs for deg som skal vera LIS1 i Vestland hausten 2022:
- Kurs i akuttmedisin Helse Førde (for LIS1 i gamle Sogn og Fjordane, minus Gulen), 7.-8. september.
- Kurs i akuttmedisin Nordhordland legevakt (for LIS1 i gamle Hordaland + Gulen), 5.-6. september.
- Første grupperettleiing 19. oktober i Sogndal.
- Kurs i offentleg helsearbeid 20.-21. oktober.
- Andre grupperettleiing, 18. januar i Bergen (for LIS1 i gamle Hordaland + Gulen).
- Andre grupperettleiing, 18. januar på Skei (for LIS1 i gamle Sogn og Fjordane, minus Gulen).
Kurs i nødnett radiobrukar
Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde legg til rette for at de som tek kurs i akuttmedsin i Førde får tilbod om kurs i bruk av nødnett før de byrjar i legevakt. Kurset i nødnett radiobrukar vert halde som kveldskurs 6.9.2022, 18.00 til 21.00 i auditoriet ved Førde sentralsjukehus. Kurset og utgifter (reise, overnatting) knytt til dette kurset må kommunane dekke for dykk. Arrangøren sender ut faktura i etterkant av kurset. Påmelding og informasjon om kurset finn de i Læringsportalen til Helse Førde .
Kurs knytt opp mot takstbruk og legemiddel
I tillegg vil Helfo arrangera eit digitalt kurs knytt opp mot takstbruk og legemiddel (blå resept) 13. september. Invitasjon til kurset blir sendt ut per e-post frå Helfo.
Reiseutgifter
Vi dekker reiseutgifter tilsvarande rimelegaste reisemåte (andre reisealternativ må eventuelt avklarast med Statsforvaltaren på førehand). Fly må alltid avklarast med Statsforvaltaren på førehand. Det vert ikkje gitt nattillegg eller kostgodtgjersle. Sjå òg rettleiing honorar og reiser for eksterne.