E-læringskurs om likestilling, inkludering og mangfald
Introduksjonskurset er nyttig for tilsette og leiarar i kommunane og i andre offentlege verksemder, og tek utgangspunkt i lovpålagde oppgåver.
I kurset lærer du kva likestilling og diskriminering er, og korleis merksemd på likestilling, mangfald og inkludering kan heve kvaliteten og treffsikkerheita i arbeidet som blir gjort i kommunar og fylkeskommunar. Gjennom refleksjonsoppgåver, filmar, intervju og samtalemateriell skal e-læringskursa gje tilsette og leiarar praksisnære døme og hjelp til å bruke «likestillings- og mangfaldsbrillene» i eigen kvardag, uavhengig av fagområde og sektor.
Lovpålagde oppgåver
Kurset varar i 45 minutt, og det er mogeleg å dele det opp. Filmar og refleksjonsoppgåver frå kurset er også tilgjengeleg for bruk i eiga kompetanseutvikling.
- Kurset for leiarar finn du via denne lenkja: Kurs for ledere i likestilling, inkludering og mangfold i oppgaver og tjenester (kslaring.no)
- Kurset for tilsette finn du via denne lenkja: Kurs for ansatte i likestilling, inkludering og mangfold i oppgaver og tjenester (kslaring.no)
Kursa tek utgangspunkt i dei lovpålagde oppgåvene som det offentlege har om å jobbe med likestilling, inkludering og mangfald i tenester, forvaltning og planlegging. Les meir om plikta til å jobbe med likestilling på heimesida til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir): Aktivitets- og redegjørelsesplikt (ARP) for offentlige myndigheter | Bufdir
Sjå opptak av den nasjonale likestillingskonferansen
E-læringskurset blei lansert på den nasjonale likestillingskonferanse «Likestilte og bærekraftige lokalsamfunn». Opptak kan du sjå på heimesida til regjeringa: Nasjonal likestillingskonferanse 2024 - regjeringen.no
E-læringskurset er utvikla av Bufdir i samarbeid med KS, med faglege bidrag frå Likestillingssenteret, Likestillingssenteret KUN, Senter for likestilling ved Universitetet i Agder og Likestillings- og diskrimineringsombudet.