Tilskot til utprøving av lovande arbeidsmodellar i Nav
Arbeids og velferdsdirektoratet skal prøve ut to nye arbeidsmodellar på sosialtenesteområdet, og inviterer kommunane til å søkje om å vere med på utprøvinga.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Mange Nav-kontor har utarbeidd nye arbeidsmetodar for sosialt arbeid. Direktoratet ønskjer å finne ut om to lovande arbeidsmetodar eignar seg også på andre Nav-kontor enn dei som har utvikla metodane.
For å få kunnskap om dette skal dei to metodane prøvast ut av andre Nav-kontor, og forskarar frå NTNU Samfunnsforskning skal følge utprøvinga.
Dei to arbeidsmetodane er:
- «SSA - Sysselsetting, språkombud og arbeidsnorsk» som er utvikla av Nav Frogner, og
- «Back to school, Stay at school» utvikla av Nav Midt-Telemark.
Vil du søkje?
Kommunar som vil prøve ut arbeidsmetodane kan søkje om statleg tilskot til å dekke kommunens kostnader i samband med utprøvinga. Tilskot vert gitt primært for eitt år frå oppstartsdato. Kommunen må rapportere i samsvar med reglane for tilskotet.
Søknadsfristen er 1. februar 2023.
Du kan sende søknaden til Arbeids og velferdsdirektoratet på e-post: arbeids.og.velferdsdirektoratet@nav.no. Dersom du har spørsmål om tilskotsordninga, kan du sende dei til direktoratet på same e-postadresse.
Meir informasjon om tilskotsordninga, arbeidsmetodane og søknadsskjema finn du på nettsida til Nav.