Rettleiar om barnets beste for dei som arbeider i Nav

Arbeids- og velferdsdirektoratet har etter oppmoding frå Barneombodet laga ein rettleiar for at Nav-tilsette skal ivareta barneperspektivet i arbeidet sitt.

Publisert 05.04.2024

Rettleiaren skal gi dei tilsette forståing for kor langt barns rettar strekk seg og korleis barn er omfatta av Navs samfunnsoppdrag.

Rettleiaren gjer det tydeleg at Nav skal vurdere barnets beste uavhengig av om barnet er mottakaren av tenester eller ytingar, eller er involvert ved å vere del av ei gruppe eller gjennom dei føresette sine saker i Nav. Det går fram korleis Nav-tilsette skal vurdere barns beste ved alle handlingar og avgjerder der barn er involvert.

Du kan lese rettleiaren på nav.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.