«Kartlegging av levekårsutfordringar i barnefamiliar»

I denne artikkelen kan du lese om prosjektet «Kartlegging av levekårsutfordringar i barnefamiliar» ved Nav Ullensvang. Prosjektet går no mot slutten og skal bli eit fast tilbod ved Nav-kontoret.

Publisert 19.04.2024

Nav Ullensvang har fått midlar frå tilskotsordninga sosiale tenester i Nav, frå 2021 til 2024.

Barnefamiliar som lever i vedvarande låginntekt kan ofte ha behov for samordna og koordinerte tenester. Det er ikkje alltid at familiane kjenner til kva dei har rett på av hjelp, og korleis dei skal søkje om hjelpa. Nav Ullensvang har i prosjektperioden utvikla ei rolle som skal hjelpe familiane med å få heilskaplege hjelpetilbod, og dei tenestene og ytingane dei har rett på.

Kva er heilskapleg oppfølging av barnefamiliar?

Familiekoordinatoren ved Nav-kontoret, Reidun Fagertveit, fortel at familiane ofte har samansette og langvarig behov for hjelp. For mange kan systemet vere vanskeleg å tolke og nokon manglar språk, omgrep og kunnskap for å navigere i det offentlege system. Familiekoordinatoren hjelper dei til å navigere og blir «systemtolkar».

I utgangspunktet var målgruppa for prosjektet sosialhjelpsmottakarar med barn under 18 år. Nav-kontoret såg at det var fleire som trengte den type hjelp som familiekoordinatoren kan gje. Difor har også Reidun hjelpt familiar med barn med kronisk sjukdom eller funksjonsvariasjonar, sjølv om foreldra var i jobb. Koordinatoren har også deltatt i ulike ansvarsgruppemøte, og har blitt ein ressurs og eit bindeledd overfor andre delar av kommunen. Det er gjennom sosialtenesta eller andre deler av kommunen at familiane kjem til familiekoordinatoren.

For å vite kva type hjelp familiane treng, så kartlegg familiekoordinatoren bustad, økonomi, nettverk, fritidsaktivitetar, helse, arbeid og barnas situasjon. I kartleggingane kjem det fram at familiane ofte ikkje bur i egna bustad. Nokon har skadedyr, sopp og mugg i bustaden. Andre har ikkje soverom til barna, så barna søv i stua. Barna har ikkje moglegheit til å med seg venner heim og det er vanskeleg å gjere lekser.

Nav Ullensvang har hjelpt fleire familiar med å flytte til eigna bustad. Vidare hjelper dei familiane med å søkje om det dei kan ha rett på. Det kan vere overgangsstønad, deltaking i kvalifiseringsprogrammet, utvida omsorgsdagar, omsorgslønn, grunnstønad, hjelpestønad, bleier på blå resept, arbeidsavklaringspengar, uføretrygd,  avlastning, opplæringspengar, støttekontakt, brukarstyrt personleg assistent (BPA), pleiepengar, økonomisk rådgjeving og meir. Reidun tek utgangspunkt i kjennskapen ho får om familiane og korleis dei gjennom tverrfagleg innsats kan hjelpe familiane.

Rettleiingsplikt

Offentleg tilsette pliktar til å gje generell informasjon om rettar og plikter. Det kan også vere om andre tenester enn dei ein sjølv jobbar med. Familiekoordinatoren fortel at dei likevel må sikre at informasjonen er rett.  

Ved Nav Ullensvang har dei tilsette fått ei generell heilskapleg tilnærming til barnefamiliane, som er uavhengig av kva rolle dei har på kontoret. Viss tilsette til dømes jobbar med arbeidsavklaringspengar, er det like viktig at dei også spør foreldra om korleis barna har det. Vidare må dei rettleie familien om dei treng hjelp frå andre tenester. Elles kan foreldra halde på med arbeidsretta aktivitet og rehabilitering utan å lukkast – fordi det kan vere noko anna som står i vegen for at foreldra blir sjølvforsørgjande.

I Ullensvang har tenestene til barna blitt meir koordinerte og fleire har begynt på fritidsaktivitetar. Kontoret har også hjelpt ungdommar i familiane med sommarjobb. Nav er ei sentral aktør og samarbeidspartnar i førebygging og arbeid med barn og unge i kommunen.

Gode grep og vegen vidare

Noko av det viktigaste i arbeidet er å skape relasjon og tillit mellom familiekoordinatoren og familiane. Familiekoordinatorar må kunne snakke med familiar, og ha kunnskap om rettar og det offentlege systemet. Sjølv har Reidun jobba i barnehage og snakka med familiar store deler av yrkeskarrieren sin. Å ha bakgrunn som pedagog eller sosionom kan vere viktig for å lukkast som familiekoordinator.

Nav Ullensvang har ikkje jobba etter ein streng metode. Vegen har blitt til undervegs. Prosjektet har vore evaluert kontinuerleg og Reidun har hatt god leiarstøtte.

Nav Ullensvang rår andre til å la erfaringane ein gjer seg undervegs, styre kor ein går i utviklinga. Dei tilsette kan kanskje ha ein oppfatning av kva behovet er, men i verkelegheita er behovet eit heilt anna.

Hovudmålet er at folk skal bli sjølvhjelpne, men dette kan ta tid. Det kan vere mykje anna Nav-kontora må hjelpe folk med før ein når hovudmålet.

Nav-leiar Gunnvor Steinsland Medhus er ikkje i tvil om at familiekoordinatorrolla skal vidareførast. Gjennom rolla si, hjelper Reidun andre kollegaer og andre delar av kommunen. Ikkje minst utgjer arbeidet ein stor skilnad for barn og vaksne i familiane. Planen er å jobbe vidare med rolla og familiane, og behalde den gode strukturen for tverrfagleg samarbeid i kommunen. Reidun ønskjer også å ha kontakt med kommunens barnekoordinator og finne ut korleis dei kan hjelpe kvarandre i kvardagen.

Det har vore ei inspirasjon å følgje prosjektet. Det er svært viktig utviklingsarbeid og vi er glade for at familiekoordinatoren blir eit fast tilbod ved Nav Ullensvang. Det er også inspirerande å sjå korleis prosjektet har påverka praksisen ved kontoret og samhandlinga internt kommunen. Det skal bli spennande å følgje vidare.

Vi ønskjer lukke til!

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.