Tiltak mot fattigdom

Oppdatert 20.12.2023

Det er ei samfunnsoppgåve å jobbe for at Noreg skal vere eit land med små skilnader og minimal fattigdom. Viktige tiltak for å redusere fattigdom er ein skule som utjamnar sosiale skilnader og eit ope arbeidsliv med plass til alle.

Det er menneske som står utanfor viktige sosiale arenaer på grunn av dårleg økonomi eller dårlege levekår. Regjeringa ønskjer å tette hola i sikkerheitsnettet for grupper som i dag fell igjennom.

Kommunane skal førebyggje sosiale problem og betre levekåra for vanskelegstilte ved å sikre meir likeverdige vilkår for barn som veks opp i fattige familiar. Gjennom tilbod om sosiale tenester, som råd, rettleiing, økonomisk sosialhjelp og kvalifiseringsprogram, skal kommunane arbeide for at den enkelte skal kunne klare seg sjølv.

Statsforvaltaren skal bidra til auka kompetanse i kommunane

Sosialtenestelova er samfunnets siste sikkerheitsnett og rettar seg mot dei vanskelegast stilte. Statsforvaltaren fører tilsyn med korleis kommunane praktiserer sosialtenestelova. Vi skal bidra til å auke kvaliteten på dei sosiale tenestene i kommunane, gjennom tiltak som aukar kompetansen og regelverksetterlevinga. Statsforvaltaren skal mellom anna bidra til at kommunane sikrar god tilgang til tenestene, gjer individuelle vurderingar i kvar enkelt sak og sikrar at barneperspektivet blir ivareteke. Vi driv også klagesaksbehandling.

Tilskot for å redusere fattigdom

I samarbeid med Arbeids- og velferdsdirektoratet forvaltar Statsforvaltaren tilskotsordningar som skal stimulere til utvikling av dei sosiale tenestene i Nav-kontora. Alle kommunar kan søkje om tilskot. Statsforvaltaren og Arbeids- og velferdsdirektoratet vel ut kva kommunar som skal få tilskot. Ei viktig målsetjing med ordninga er å bidra til nytenking og utvikling av nye arbeidsmåtar som kan gje mindre fattigdom og hindre at grupper blir ståande utanfor sosiale arenaer.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 18.12.2024

Vi har tildelt ekstra tilskot til utviklingsprosjekta i Nav-kontora

Våren 2024 tildelte Statsforvaltaren tilskot til 31 stillingar i 20 utviklingsprosjekt om sosiale tenester. No har prosjekta fått 100 000 kroner meir i tilskot per stilling.


Publisert 23.09.2024

«Ansvarleg ungdom»

Prosjektet «Ansvarleg ungdom» ved Nav Fensfjorden er no avslutta. Her kan du lese litt om korleis dei har jobba og kva dei har lært av prosjektet og vil tipse andre om.


Publisert 21.05.2024

Klar for arbeid - «KlarA»

Prosjektet «KlarA» ved Nav Bergen sør går no mot slutten. Her kan du lese litt om korleis dei har jobba og kva erfaringar dei tek med seg vidare.


Publisert 25.04.2024

«Tidleg intervensjon i skulen (TIS)»

Vi kan gje statleg tilskot til treårige prosjekt for å utvikle dei sosiale tenestene ved Nav-kontora. Frå 2021 til 2024 har Nav Bergen nord hatt tilskot til prosjektet «TIS», og her kan du få litt informasjon om prosjektet.


Publisert 19.04.2024

«Kartlegging av levekårsutfordringar i barnefamiliar»

I denne artikkelen kan du lese om prosjektet «Kartlegging av levekårsutfordringar i barnefamiliar» ved Nav Ullensvang. Prosjektet går no mot slutten og skal bli eit fast tilbod ved Nav-kontoret.


Publisert 05.04.2024

Rettleiar om barnets beste for dei som arbeider i Nav

Arbeids- og velferdsdirektoratet har etter oppmoding frå Barneombodet laga ein rettleiar for at Nav-tilsette skal ivareta barneperspektivet i arbeidet sitt.


Publisert 15.03.2024

Nav kan i nokre høve yte tenester til unge under 18 år utan samtykke frå føresette

Sosialtenestelova har i utgangspunktet inga aldersgrense, med unntak for deltaking i kvalifiseringsprogrammet. Når det gjeld tenesta opplysning, råd og rettleiing etter paragraf 17, kan Nav gje tenesta til unge under 18 år utan samtykke frå foreldra, dersom situasjonen tilseier det.


Publisert 14.03.2024, Sist endra 16.12.2024

Utvikling og forbetring av dei sosiale tenestene i Nav-kontora

Statsforvaltaren i Vestland har i år tildelt 18 230 000 kroner til 31 stillingar i 20 utviklingsprosjekt.


Publisert 12.12.2023

Tilsyn med Bergen kommune

Tilsynet viser at kommunen ikkje klarer å finne eit mellombels butilbod for dei som ikkje klarer det sjølv, og at kvaliteten på tenestetilbodet ikkje er god nok.


Publisert 13.11.2023

«Posterus»

Vi kan gje statleg tilskot til treårige prosjekt for å utvikle dei sosiale tenestene ved Nav-kontora, og frå 2020 til 2023 hadde Nav Bjørnafjorden prosjektet «Posterus». Vi har lyst å fortelje litt om prosjektet.