Ledige verv i kontrollkommisjonane i Vestland

Det er ledige verv ved fire av kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfristen er 1. september 2024. 

Publisert 19.06.2024

Det skal vere ein kontrollkommisjon ved kvar institusjon der nokon er under psykisk helsevern, og Statsforvaltaren oppnemner medlemmer til kontrollkommisjonane.

Hovudoppgåva til kontrollkommisjonane er å sikre rettstryggleiken til den enkelte i møtet med det psykiske helsevernet. Kontrollkommisjonen kontrollerer tvangsvedtak, behandlar klagar og fører velferdskontroll.

Trykk på lenkjene under for meir informasjon og søknadsprosedyre for dei ledige verva.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar