Må namn på saksbehandlar og avgjerdstakar gå fram av enkeltvedtak etter sosialtenestelova?

Sivilombodet har undersøkt praksis i Oslo kommune. Bakgrunnen var at dei ved behandling av konkrete saker oppdaga at vedtak kommunen gjorde med heimel i sosialtenestelova mangla underskrift, og at namnet til avgjerdstakaren heller ikkje gjekk fram på anna måte.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.06.2023

Ombodet konkluderte med at Oslo kommune sine vedtak etter sosialtenestelova ikkje er i tråd med god forvaltningsskikk, eller med føresetnadane for habilitetsreglane i forvaltningslova.  Ombodet la til grunn at kjennskap til identiteten til dei som har førebudd og godkjent ei forvaltningsrettsleg avgjerd, er ein føresetnad for habilitetsreglane.

Les det Sivilombodet har skrive i denne lenkja.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.