Barnetrygd og sosialstønad

Det står i sosialtenestelova at Nav ikkje skal ta omsyn til barnetrygd ved vurdering av søknader om økonomisk stønad til barnefamiliar, men ikkje alle sider ved dette er avklart i lovteksten.

Publisert 21.01.2025

Tidlegare har Arbeids- og inkluderingsdepartementet avklart korleis Nav skal forstå regelen om barnetrygd når det gjeld oppspart og etterbetalt barnetrygd. Dei har og avklart om utbetaling av barnetrygd har nokon innverknad på søknader om hjelp i en naudssituasjon.

No har Arbeids- og velferdsdirektoratet avklart om regelen berre gjeld for norsk barnetrygd, eller om den også gjeld for barnetrygd frå utlandet. I brevet frå direktoratet går det fram at det berre er stønad/trygd regulert av barnetrygdlova som skal haldast utanfor etter sosialtenestelova, men at barnetrygd frå EØS-land er likestilt med norsk barnetrygd etter EØS-regelverket, og difor også skal skjermast. For tredjelandsborgarar vil eventuell barnetrygd dei får frå heimlandet berre vere likestilt med norsk barnetrygd i saker om økonomisk stønad viss det er inngått avtale om det.

Du kan lese breva frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet og Arbeids- og velferdsdirektoratet, i tillegg til andre avklaringar om sosialtenestelova, på nav.no.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.