Ukrainske flyktningar sin rett til kvalifiseringsprogram
Ukrainske flyktningar som fyller inngangsvilkåra i sosialtenestelova paragraf 29 har rett på kvalifiseringsprogram.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Regjeringa har som mål at ukrainske flyktningar skal raskt ut i arbeidslivet. For å lukkast med dette, må ulike instansar i kommunen samarbeide godt med kvarandre og med arbeidsgjevarar. Ein må også legge til rette for fleksibel språkopplæring, og gi tydeleg informasjon om at målet er arbeid.
Alle ukrainske flyktningar får tilbod om introduksjonsprogram. Dei har då ikkje rett på kvalifiseringsprogram fordi kvalifiseringsprogrammet er for dei som ikkje har andre moglegheiter. Ein deltakar som etter fullført introduksjonsprogram treng meir hjelp for å kome i jobb, kan ha rett på kvalifiseringsprogram.
Kvalifiseringsprogrammet er ei av dei fem tenestene i sosialtenestelova. Ukrainske flyktningar under kollektiv beskyttelse har fulle rettar etter sosialtenestelova.
Inngangsvilkåra for å få rett på kvalifiseringsprogram står i sosialtenestelova paragraf 29. Personen må
- vere i yrkesaktiv alder
- ha vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne
- ha behov for tett oppfølging
- ha ingen eller svært avgrensa pengestøtte frå Nav
- ha vore gjennom ei arbeidsevnevurdering
- ha lovleg opphald og fast bopel i Norge
Målet er at deltakaren skal kome i arbeid gjennom individuell tilrettelegging, og tett og koordinert oppfølging. Eit kvalifiseringsprogram kan vare i inntil to år, og i særlege høve inntil tre år. Sjølv om regjeringa ønskjer at ukrainske flyktningar skal kome raskt ut i arbeid, er det ikkje sett avgrensingar på flyktningane sin rett til kvalifiseringsprogram, dersom dei er i målgruppa. I rundskriv 35 til sosialtenestelova punkt 4.29.1.4 står det meir om kven som er i målgruppa for kvalifiseringsprogrammet.