Undersøker barnedødsfall
Fylkesmannen startar tilsyn etter at vi har fått melding om at eit lite barn frå Askøy kommune døydde på Haukeland Universitetssjukehus.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 07.06.2019
Vi er kjent med at det er stilt spørsmål ved om dødsfallet har samanheng med drikkevatnet på Askøy. Vi vil undersøke om barnet fekk forsvarleg helsehjelp både frå Askøy kommune og frå sjukehuset. Vi har ingen mistanke om konkret svikt og går opent inn i undersøkinga.