Kva er tilsyn med helse-, sosial- og barnevernstenestene?

Formålet med tilsyn er å bidra til å styrke kvalitet i tenestene, bidra til rettstryggleik og tillit. Korleis vi prioriterer og handsamar tilsynssaker blir styrt av dette formålet.

Publisert 10.04.2024

Vi har tillit til at verksemdene har som mål å ivareta trygge og forsvarlege tenester. Statsforvaltaren har mykje dialog med verksemdene og vi skal understøtte gode prosessar i tenestene.

Kva er tilsyn?

Tilsyn er eit verkemiddel vi brukar for å styrke kvalitet i tenestene, bidra til rettstryggleik og tillit.

Kven har vi tilsyn med?

Statsforvaltaren ved avdeling helse, sosial og barnevern kan føre tilsyn med barneverns-, sosial-, helse-, og omsorgstenestene. I tillegg har vi tilsyn med helsepersonell.

Døme på korleis vi utfører tilsyn

Mange gonger ber publikum om tilsyn. I nokre tilfelle må vi hente inn fleire opplysningar frå den som ber om tilsyn for å avklare kva saka gjeld. I nokre tilfelle hentar vi inn informasjon frå verksemder for å forstå saka.

Det er fleire måtar å føre tilsyn på når brukar/barn/pasient/foreldre ber om tilsyn. Her er viktige døme:

  1. Vi rettleier den som ber om tilsyn, enten per telefon eller ved å sende brev.
  2. Vi sender saka til verksemda eller helsepersonellet og ber dei svare på spørsmål om kvalitet i tenestene frå den som ber om tilsyn på ein eigna måte.
  3. Vi sender saka til verksemda eller helsepersonellet og ber om ei tilbake­melding etter at dei har gått gjennom hendinga eller tilhøvet og, om mogeleg, funne forhold som har ført til tiltak. Vi vurderer deretter om verksemda har handtert saka i samsvar med reglane i kommune­lova § 25-1 eller forskrift om ledelse og kvalitetsforbering i helse- og omsorgstjenesten.
  4. Vi inviterer den saka gjeld (brukar/barn/pasient/pårørande), leiarar i verksemder eller helsepersonellet til eit tilsynsmøte. Dette er saker som hastar og der det ofte er fleire instansar med ulikt ansvar. I møtet prøver vi å få dei inviterte til å finne gode løysningar til det beste for den saka gjeld (brukar/barn/pasient).
  5. Statsforvaltaren greier ut og tek avgjerd i saka. Her ber vi verksemder eller helsepersonell om å sende oss opplysningar. Uttaler vi får sender vi til den som bad om tilsyn slik at dei kan uttale seg til dei opplysningane vi hentar inn. I desse sakene kan det ta noko tid før Statsforvaltaren konkluderer. Viss det er aktuelt med ein reaksjon overfor helsepersonell, så sender vi saka til Statens helsetilsyn.

Oppfølging

Oppfølging av verksemder og helsepersonell er tilsyn. Når det er trong for å følgje opp verksemder eller helsepersonell, så følgjer vi opp til vi får informasjon om at  praksis står seg over tid

Fagleg pålegg kan vi gi som vedtak til helsepersonell når det er nødvendig med kompetanseheving. I desse tilfelle må helsepersonell ha brote reglar i helselovgivinga.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.