Habiliteringa i barne- og avlastingsbustader er ikkje god nok
Oppsummering av det landsomfattande tilsynet med barne- og avlastingsbustader i 2022–2023 viser lovbrot i 76 prosent av tilsyna. Barna risikerer å ikkje få hjelp i tråd med behova dei har.
I Vestland gjennomførte vi til saman ni tilsyn i åtte kommunar. Det var lovbrot i fem av dei ni tilsyna. Rapporten «Det viktigaste er at barna er trygge og har det bra» finn du på heimesida til Helsetilsynet.
Landsomfattande tilsyn
Statsforvaltarane gjennomførte til saman 67 tilsyn med barne- og avlastingstilbod i alle landets fylker. Statsforvaltarane undersøkte om bustadene har tilstrekkeleg informasjon om barnets situasjon og behov, om dei brukar denne informasjonen til å identifisere behov for habilitering, og til å utforme mål og tiltak for barnet, om dei gjennomfører tiltak for habilitering og om dei evaluerer og korrigerer mål og tiltak for habiliteringa.
Helsetilsynet kjem til fem hovudkonklusjonar:
- Manglande kunnskap fører til at barna ikkje får habilitering.
- Barn og foreldre blir ikkje involvert, og tenestene blir derfor ikkje tilpassa barna.
- Manglande styring og leiing fører til fagleg svikt i barne- og avlastingsbustadane.
- For dårleg samarbeid fører til at barna ikkje får heilskapleg hjelp.
- Nokre av barne- og avlastingsbustadane har gode habiliteringsprosessar.
Anbefalingar til kommunal og statleg sektor
I rapporten gir Helsetilsynet anbefalingar til både kommunal og statleg sektor. Mellom anna må kommunane styrke sin kunnskap om barns rett til habilitering, legge betre til rette for at foreldre og barn kan medverke i habiliteringsprosessane og betre samhandling mellom kommunale tenester om habilitering.
Helsetilsynet anbefaler også betre oversikt over barne- og avlastingsbustader, revisjon rettleiarar om habilitering og vurdering av korleis rettstryggleiken til barn kan betrast i barne- og avlastingsbustader.