Sluttevaluering av Leve heile livet-reforma er klar
Leve hele livet-reforma blei avslutta i 2023, og rapporten oppsummerer fem års reformarbeid.
Helsedirektoratet har hatt det nasjonale ansvaret for gjennomføringa av reforma. For å støtte og rettleie kommunane i gjennomføringa har det vore oppretta regionale støtteapparat i kvart fylke. Statsforvaltaren, KS, Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester har vore kjerna i støtteapparata. I fleire fylker har også fylkeskommunen, fylkeseldrerådet, helseføretaka og andre aktørar kopla tett på arbeidet.
Rapporten viser at dei regionale støtteapparat har spelt ei avgjerande rolle i gjennomføringa av reforma. Reforma er evaluert av By- og regionforskningsinstituttet NIBR, Velferdsforskningsinstituttet NOVA og Fakultet for helsevitenskap ved OsloMet, og Vista Analyse.
Les meir om evalueringa og sjølve rapporten på Helsedirektoratet si nettside.
Erfaringane frå arbeidet med Leve heile livet, skal takast med vidare inn i Bu trygt heime-satsinga. Helsedirektoratet har laga ei eiga side om den nye satsinga: Bu trygt heime - Helsedirektoratet