Korleis få Leve heile livet inn i samfunnsplanlegginga?
Reforma legg opp til at kommunane set Leve heile livet på dagsorden, analyserer eigne utfordringar og utformar løysingar i planverket.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vi er no inne i fase to i reforma, der det blir lagt opp til at kommunane vedtar politisk korleis løysingane i Leve heile livet kan utformast lokalt og innarbeidast i planverk. Dette bør gjerast ut frå analyse av eigne utfordringar og behov.
Inn i planverket
Kommunane skal vedta korleis Leve heile livet kan utformast i planverk. Dette gjeld kommuneplanen sin handlingsdel med økonomidel, men også i kommunedelplan for helse og omsorg. For at Leve heile livet skal bli ei prioritert sak i arbeidet med kommuneplanen, bør det også drøftast i planstrategien, heiter det i kapittel 9 i stortingsmeldinga.
- Intensjonen med Leve hele livet utfordrar alle tenestene i kommunen og vil meir eller mindre forutsette bidrag frå alle tenesteområde
- Tidleg involvering av kommunen sin sentrale planleggingskompetanse kan verte avgjerande for at kommunen lukkast med arbeidet
Folkehelsearbeid og ressursportal
Sentralt i arbeidet med å analysere eigne utfordringar og behov er kommunen si folkehelseoversikt. Oversikta over helsetilstanden i befolkninga, identifiserer kommunen sine folkehelseutfordringar, og skal inngå som grunnlag for planstrategi og vidare mål og strategiar i kommuneplanen.
Rettleiaren om systematisk folkehelsearbeid er nyttig i arbeidet.
Gode data er sentralt i arbeidet med planarbeidet. Ressursportal er eit nyttig verktøy, som inneheld statistikk og anna informasjon om reforma sine innsatsområde.
Aldersvenleg planlegging
Aldersvenleg Norge er eitt av dei fem innsatsområda i reforma, som er spesielt aktuelt når kommunane no arbeider med planstrategiar og kommuneplanar.
Ei aldrande befolkning gjer det naudsynt å planlegge og utvikle meir aldersvenlege samfunn med helsefremjande og universelt utforma bumiljø. Dette er tema som kommunane kan ta med seg kommuneplanarbeidet - frå folkehelseoversikt, gjennom planstrategi og kommuneplanen sin samfunns- og arealdel og i handlings- og økonomiplan.
Til dømes kan kommunen stille krav til bustadstorleik og nærområde i planlegging av bustader for eldre, og legge universell utforming som premiss og mål for all planlegging. Ein inkluderande infrastruktur seinkar terskelen for å delta i samfunnet - dette er til dømes gangvegar, benkar, transportordningar, teknologi og lyssetting. Kommunen kan også legge til rette for uformelle og tilgjengelege sosiale møteplassar som kan nyttast på tvers av generasjonar.