Folk og samfunn

Oppdatert 20.12.2023

Som innbyggjar kan du komme i kontakt med Statsforvaltaren i ulike situasjonar. På ein del område er Statsforvaltaren den første offentlege instansen du møter, på andre område er Statsforvaltaren klageinstans for vedtak som er gjorde av andre.

Statsforvaltaren ønskjer å sende deg post digitalt i staden for på papir. Vi kan ikkje sende deg vedtaksbrev eller sensitiv informasjon på e-post fordi det ikkje er sikkert nok. Ei digital postkasse er sikker, og her kan du lagre posten din så lenge du ønskjer. Det er to leverandørar av digital postkasse, e-Boks og Digipost. Vel digital postkasse på nettsida til Noreg.no.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

30.10.2024

Nasjonal konferanse: Mange og mangfoldige

Tysdag 3. desember arrangerer Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet sin årlege konferanse i høve FN-dagen for personar med nedsett funksjonsevne. 


13.08.2024

Nasjonal konferanse om Bu trygt heime

Husbanken og Helsedirektoratet inviterer til ein inspirerande dag om arbeidet med Bu trygt heime-satsinga 22. oktober frå 10.00 til 15.00.


18.04.2024

Sluttevaluering av Leve heile livet-reforma er klar

Leve hele livet-reforma blei avslutta i 2023, og rapporten oppsummerer fem års reformarbeid.


17.04.2024

Lansering av rapport om kommunane sitt arbeid med universell utforming

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet lanserer rapport om korleis kommunane jobbar med universell utforming, i webinar 30. april. 


21.03.2024, Endra 07.05.2024

Få ein god start på veka på nettverkssamling om aldersvenlege lokalsamfunn

Det er ei kjent sak at det er den som har skoen på, som veit kor den trykker. Dette er utgangspunktet for tre nettverks-webinar i år. Her blir det samtale rundt viktige, lokale tema. Kor aktiv du skal vere, bestemmer du sjølv.


13.03.2024

E-læringskurs om likestilling, inkludering og mangfald

Introduksjonskurset er nyttig for tilsette og leiarar i kommunane og i andre offentlege verksemder, og tek utgangspunkt i lovpålagde oppgåver.


21.02.2024

E-læringskurs om CRPD

Eit nytt e-læringskurs skal gje tilsette i kommunane eit verktøy for å vareta menneskerettane i praksis.


19.02.2024

Webinar om bustadløyse

Velkomen til ope nettverk som samarbeider om bustadløyse. I ein serie av webinar vil du lære meir om stabile og gode bustader, og tenester for bustadlause personar som har utfordringar innan rus og/eller psykisk helse.

 


13.02.2024

Barnets beste - frå teori til praksis

Kva betyr det at barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn? Vi ønsker velkommen til digitalt seminar med Barneombod Inga Bejer Engh og statsforvaltarane.


07.02.2024

Korleis komme i gang med Housing First i eigen kommune?

Webinaret er eit tilbod til kommunar som ønskjer å starte opp arbeid etter Housing First-metoden, og ønskjer konkrete råd og tips. Webinaret er ope for alle.


Fleire nyhende Få nyheitsvarsel