Skulen si plikt til å undersøke i skulemiljøsaker

Skulen skal etter opplæringslova § 12-4 snarast undersøke saka ved mistanke om eller kjennskap til at ein elev ikkje har det trygt og godt.

Publisert 20.12.2024

Undersøke før tiltak

Vi erfarer at skulane i mange tilfelle ikkje undersøker sakene godt nok før dei set inn tiltak. Ei undersøking handlar ikkje om å finne bevis for om det har skjedd eller ikkje har skjedd krenkingar. Undersøkingane skal få fram korleis eleven opplever skulemiljøet, fakta om situasjonen, og forhold i skule- og klassemiljøet som påverkar korleis eleven opplever skulekvardagen. Å gjere grundige undersøkingar er viktig for å få nok kunnskap til å velje dei rette tiltaka. Mange saker gjeld elevar som er særskilt sårbare, og det er då særleg viktig at det blir sett inn tiltak som er forankra i grundige undersøkingar.

Samtaler med eleven

Eit viktig utgangspunkt for undersøkinga vil vere å gjennomføre samtaler med den eleven som ikkje har det bra på skulen. Alle elevar har ein sjølvstendig rett til å bli høyrde, uavhengig av samtykke frå føresette. For å sikre at høyringa blir reell, må eleven få snakke med ein vaksen som han eller ho har tillit til. Involverte medelevar har også ein rett til å bli høyrd, og skulen må difor sørge for å høyre desse der det er aktuelt. Samtalane skal vere valfrie, og ingen elevar er pliktige til å uttale seg om dei ikkje vil. Vi vil understreke at sjølv om skulen har hatt samtalar med involverte elevar vil det ofte vere behov for supplerande undersøkingar for å identifisere alle dei faktorane som er med å påverke skulemiljøet.

Kartlegge relasjonar

I mange saker ser vi at klassemiljøet og relasjonar mellom elevar (og vaksne) ikkje er godt nok undersøkt. Dette kan betrast med å nytte til dømes ikkje-anonyme undersøkingar. Ofte kan det vere lurt å utarbeide sosiogram etter at relasjonane er kartlagde. Vi har erfart at kunnskap om relasjonane kan gje skulen eit betre grunnlag for å finne gode tiltak. Vi ser også at det i mange saker er nødvendig å ha kunnskap om tilhøva i friminutt, og i overgangssituasjonar mellom skuleplass og klasserom. Skulemiljøet kan også bli påverka av hendingar som skjer utanfor skulen sitt område. Dersom skulen mistenker eller veit at det har skjedd noko på fritida eller i sosiale medium som påverkar skulemiljøet, kan det vere nødvendig for skulen å snakke med elevane om kva som har skjedd der. Skulen må ha kunnskap om forhold som påverkar skulemiljøet for å kunne sette inn dei riktige tiltaka på skulen.

Du finn meir informasjon om plikta til å undersøke på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.