Klage på standpunkt
Elevar har rett til å klage på korleis standpunktkarakteren er fastsett og på vedtak om å ikkje fastsetje standpunktkarakter (IV).
Du som er elev i grunnskule og vidaregåande skule kan finne informasjon om kva du kan klage på, kven som kan klage og korleis du går fram dersom du vil klage her: Informasjon til elev og føresette om klage på fastsetjing av standpunktkarakter.
Skulane finn våre rettleiingar her:
- Rettleiing – klagebehandling ved klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag
- Rettleiing – klagebehandling ved klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag
- Rettleiing – klagebehandling ved klage på fastsetjing av standpunktkarakter i orden og oppførsel
Rettleiing til klage på sluttvurderingar for vaksne deltakarar (jf. opplæringsforskrifta kapittel 16) kjem snart.
Det er viktig for elevane at klagene blir ferdigbehandla før fristane for inntak til vidaregåande opplæring og opptak til høgare utdanning. Vi ber difor kommunane og fylkeskommunen om å sende inn alle saker så raskt som råd. Vi vil prioritere klagene frå elevar som avsluttar opplæringa og skal ha vitnemål. Skuleeigar må sikre at skulane har tilstrekkelege system for å handtere klager som blir avgjort etter at lærarferien har starta.
Informasjon til elev og føresette om klage på fastsetjing av standpunktkarakter
Nedanfor finn du informasjon om korleis du kan klage på fastsetjing av standpunktkarakter.
Publisert 17.02.2025
Rettleiing – klagebehandling ved klage på fastsetjing av standpunktkarakter i orden og oppførsel
Alle elevar, og føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage på standpunktkarakter i orden og oppførsel.
Publisert 17.02.2025
Rettleiing – klagebehandling ved klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag
Alle elevar, og føresette til elevar under 18 år, har rett til å klage på vedtak om ikkje å fastsetje standpunktkarakter i fag.
Publisert 17.02.2025
Rettleiing – klagebehandling ved klage på fastsetjing av standpunktkarakter i fag
Elevar og føresette til elevar under 18 år har rett til å klage på standpunktkarakter i fag.