Skriftleg eksamen er avlyst

Illustrasjonsfoto skuleelev (Pixabay).

Skulane må likevel melde på elevane til skriftleg eksamen innan 1. mars.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.02.2021

Skriftleg eksamen for elevar er avlyst våren 2021, men eksamen for privatistar og munnleg eksamen for 10. trinn og Vg3 skal gjennomførast.


Det er viktig å merke seg at alle skular skal melde på sine kandidatar til skriftleg eksamen i grunnskulen og vidaregåande skule innan 1. mars. Dette må ein gjere sjølv om eksamen er avlyst. Elevpåmeldingane vil bli registrert med status «eksamen avlyst».


For elevar i vidaregåande som skal ha eksamen må skulane endre status frå «eksamen avlyst» til «deltatt» så snart som mogleg etter 2. mars.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.