Nasjonale minoritetar sine rettar

Alle barn i barnehage, unge, vaksne og lærlingar i skulen skal møtast som einskildindivid uavhengig av sosial, etnisk og religiøs bakgrunn. Vern av minoritetar er ein viktig del av menneskerettane, og byggjer på prinsippa om likebehandling og ikkje-diskriminering.

Publisert 03.04.2024

Kva er ein nasjonal minoritet?

Norge har, i tillegg til samane, fleire folkegrupper som har århundrelang tilknyting til landet. Desse folkegruppene har bidrege til å forme kulturarven vi har i Norge, og vi kallar dei nasjonale minoritetar. Vi har fem nasjonale minoritetar: kvenar/norskfinnar, jødar, skogfinnar, rom og romanifolk/taterar. Nordsamisk, sørsamisk, lulesamisk, kvensk, romanes og romani er definert som minoritetsspråk i Norge, og er beskytta av minoritetsspråkpakta.

Å kjenne til den einskilde

Det varierer korleis det einskilde barnet eller eleven opplev å vere av nasjonal minoritet. Det er ynskja og behova til den einskilde som skal avgjere i kva grad og på kva måte personalet i barnehagen og tilsette i skulen framhevar bakgrunnen deira.

Mange er stolte av å tilhøyra ein nasjonal minoritet og ynskjer å dele denne bakgrunnen med andre. Andre ynskjer ikkje at dette skal komme fram. Kanskje nokon òg trur at deira minoritetsbakgrunn ikkje er av interesse for barnehagen eller skulen, og at dei av den grunn ser på sin etniske tilhøyrigheit som eit ikkje-tema. Derfor har du kanskje barn eller elevar frå ein av dei nasjonale minoritetane utan å vite det. Det er viktig å bygge gode relasjonar og tillit til det einskilde barn/elev og familien, slik at ein kan tilrettelegge barnehage- og skuletilbodet på best mogleg måte.

Rettar

Vern av minoritetar er ein viktig del av menneskerettane og bygger på prinsipp om likebehandling og ikkje-diskriminering. I FN konvensjonen artikkel 27 går det mellom anna fram at minoritetar ikkje skal nektast retten til å dyrke sin eigen kultur, utøve sin eigen religion eller bruke sitt eige språk.

Nasjonale minoritetars rettar er i utgangspunktet formulert som rettar individa har, saman med andre i si gruppe. Barnehagelova og opplæringslova med forskrifter er styrande dokument for innhaldet i barnehagen og rammeverk for skulen.

Barnehagebarn

I barnehagelova går det mellom anna fram at

  • § 1 barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide alle former for diskriminering
  • § 2 barnehagen skal ta omsyn til barna sin alder, funksjonsnivå, kjønn, sosiale, etniske og kulturelle bakgrunn

Rammeplanen vektlegg viktigheita av kulturelt mangfald og identiteten til einskiltbarn og kulturell tilhøyrigheit.

Elevar i grunnskulen

Ny opplæringslov med forskrifter vil etter planen tre i kraft 1. august 2024. Mykje av innhaldet i dagens opplæringslov blir vidareført, men ei endring er at elevar med kvensk/norskfinsk bakgrunn som går på skule i Troms og Finnmark fylke får rett til opplæring i kvensk eller finsk i grunnskulen uavhengig av kor mange elevar per kommune eller skule som ønskjer slik opplæring. Dette går fram av ny opplæringslov § 3-3.

I tillegg til at retten til opplæring i og på samisk vidareførast, får ikkje-samiske elevar som har hatt opplæring i eller på samisk i grunnskulen rett til opplæring i samisk i vidaregåande skule. Dette står i ny lov § 6-2.

Det er og teke inn i lova at ein del av opplæringa i samisk skal tilbys i et samiskspråkleg miljø dersom det er nødvendig for at opplæringa skal være pedagogisk forsvarleg. Dette står i ny lov §§ 3-2 og 6-2.

Tilskot til samisk, kvensk eller finsk opplæring for elevar i vidaregåande opplæring

Samar i vidaregåande skule har rett til opplæring i samisk jf. § 6-2 i ny lov. Retten til opplæring i kvensk eller finsk gjeld berre for grunnskulen, ikkje vidaregåande opplæring. Det er likevel ikkje noko i vegen for at vidaregåande skular kan tilby slik opplæring.

Fylkeskommune og private vidaregåande skular, godkjent etter privatskulelova, kan søke om tilskot til samisk, kvensk eller finsk opplæring. Søknadsfrist for inneverande skuleår er 15. mai.

Meir informasjon om tilskotsordninga, søknadsfrist og utfylling av elevskjema finn du på Utdanningsdirektoratet sine heimesider.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.