Karakterstatistikk for grunnskulen
Resultata for elevane som gjekk ut av 10. trinn våren 2019, er offentleggjorde. Avgangselevane i landet samla fekk i år 0,2 poeng meir enn dei som gjekk ut i fjor. Elevane i Sogn og Fjordane og Hordaland ligg over landssnittet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Auke i grunnskulepoeng nasjonalt
Grunnskulepoeng er eit samla mål for elevane sine karakterar i fag ved avslutninga av 10. trinn – både standpunkt- og eksamenskarakterar. Den nasjonale analysen syner at det har vore ein jamn auke i snittet, både nasjonalt og i mange fylke. Det nasjonale snittet er 42,0 poeng. I Hordaland er snittet 42,1 og i Sogn og Fjordane 42,4 poeng.
Utviklinga dei siste åra:
Skilnad mellom jenter og gutar
Jentene har hatt ein meir positiv utvikling enn gutane og nasjonalt har dei no eit snitt som er 4,6 poeng høgare enn gutane. I Sogn og Fjordane er skilnaden 4,4 poeng. Jentene har 44,5 og gutane 40,1 poeng. I Hordaland er skilnaden 4,5 poeng. Jentene har 44,4 og gutane 39,9 poeng.
Utviklinga dei siste åra:
Sogn og Fjordane og Hordaland over snittet
Elevane i våre to fylke har over tid hatt gode skuleresultat. Utviklinga syner at elevane etter kvart vert meir like elevane frå mange av dei andre fylka i landet. Det er små skilnader mellom fylka. Sju fylke, Akershus, Oslo, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Oppland og Troms har i år resultat over landssnittet.
Gjennomsnittelege karakterer for 10. trinn 2018-2019
Kommunane må nytte resultata i kvalitetsarbeidet
Det er viktig at kommunane og dei private skulane nyttar dei årlege statistikkane i Utdanningsdirektoratet sine statistikkportalar – grunnskulepoeng, standpunkt- og eksamenskarakterar, nasjonale prøver og Elevundersøkinga til interne prosessar i arbeidet med kvalitetsutvikling. Det er nyttig å vurdere resultata over tid.
I skular og kommunar med små elevkull, kan resultata variere mykje frå år til år. Målet må vere å gjere det samla opplæringstilbodet på skulane så godt som mogeleg for den einskilde eleven.
Meir om statistikken
Dei samla resultata frå årets karakterstatistikk finn ein i Skoleporten.no.
Utdanningsdirektoratet sin analyse av årets statistikk.