Rettleiing om reglane i integreringslova 2025

Vi arrangerer fem rettleiingswebinar for kommunane om ulike tema i løpet av året.

Publisert 05.02.2025

I webinara vil Statsforvaltaren gi informasjon om regelverket, men deltakarar har òg mogleg til å stille spørsmål og løfte problemstillingar, både under og i forkant av webinaret. Webinaret vil vere relevant for tilsette i kommunen som har oppgåver innanfor integreringslova, men mest aktuelle for sektorleiararar, einingsleiarar og programrådgjevarar. Webinara vil bli avhaldne i teams-plattforma og vare om lag éin time.

For å melde deg på, trykkjer du på det gjeldande temaet i tabellen under. Du vil då bli tatt vidare til påmeldingssida. I forkant av webinaret vil du få ei innkalling til eit teams-møte av Statsforvaltaren.

Tema og tidspunkt

Tema Tidspunkt
Endringar og avklaringar i regelverket 6. mars 2025
Norskmål og sluttmål 13. mai 2025
Orientering om endringar i integreringslova (atterhald om at ny lov blir vedteke) 25. september 2025
Presentasjon av svar på spørsmål gjeldande regelverk stilt Statsforvaltaren i 2025. Vi vil vidare svare ut uavklara spørsmål frå tidlegare webinar. 14. oktober 2025
Tolkingar og avklaringar frå AID og IMDi 9. desember 2025

 

Vel møtt!

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.