Oppsummering av spørsmål etter samling – barn med særlege behov

Vi har sett nærare på problemstillingar som kom opp i samband med våre temasamlingar våren 2021.

Publisert 24.06.2021

Bakgrunn

Statsforvaltaren i Vestland har våren 2021 gjennomført tre samlingar med tema barn og elevar med særlege behov, spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Den første samlinga omhandla arbeidet og saksbehandlinga som skjer før ein gjer vedtak, med vekt på sakkunnig vurdering. Den andre samlinga omhandla krava til vedtak. Og den tredje samlinga omhandla arbeidet etter vedtak, gjennomføring av og saksbehandling etter vedtak. I samband med samlingane fekk vi fleire spørsmål. Her vil vi svare på spørsmål som gjekk att og som vi ikkje fekk svart ut på samlinga. 

Særleg for barnehage

Vedtak om spesialpedagogisk hjelp skal innehalde tilbod om foreldrerådgjeving. Det skal gå fram av vedtaket korleis tilbodet skal gjennomførast og kor mykje tid som er sett av. Dette kjem i tillegg til ressursar og tid som blir sett av for å dekke behovet barnet har for spesialpedagogisk hjelp.

Det er ikkje et krav om at PPT skal gi tilrådingar knytt til foreldrerådgivinga i den sakkunnige vurderinga. Barnehagemyndigheita må vurdere kva det er behov for. Dersom ein i vedtaket gir timar til foreldrerådgiving av det timetalet PPT har tilrådd timar til barnet, er dette eit avvik frå sakkunnig vurdering og krav om særskilt grunngjeving gjeld.

Rettleiar Spesialpedagogisk hjelp - kva skal hjelpa innehalde

Særleg for skule

Vilkåret for at ein elev har rett til spesialundervisning, er at han/ho ikkje har, eller kan få, tilfredsstillande utbytte av opplæringa.

For å avgjere dette må skulen kartlegge kva som er den ordinære opplæringa, og kva som vil vere eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa for den enkelte eleven.

Dersom den ordinære opplæringa er god, kan det føre til mindre behov for spesialundervisning. Reglene om spesialundervisning må derfor sjåast i samanheng med reglane om tilpassa opplæring.

Tilpassa opplæring betyr at lærarane, innanfor rammene til fellesskapet, legg til rette for at undervisninga er slik at alle elevar får best mogleg utbytte av opplæringa. Opplæringa skal gi elevane lik sjanse til å realisere sine moglegheiter for fagleg og sosial læring, ut ifrå evnene og føresetnadane til den enkelte eleven.

Spesialundervisning skal gjelde der det er nødvendig med meir omfattande tilpassing enn det som kan gjevast innanfor den ordinære opplæringa. Årsaka til dette kan anten vere at skulen ikkje har sett inn tilstrekkeleg med organisatoriske eller pedagogiske tiltak for å tilpasse opplæringa, eller det kan vere at eleven har behov for tiltak som går utanfor rammene for tilpassa opplæring (til dømes eineundervisning, alternativ opplæringsarena, avvik frå kompetansemål).

På samlinga kom det spørsmål om skule/PPT kan ha ein praksis der ein legg til grunn at elevar som har karakteren 3 og følgjer ordinære kompetansemål, ikkje har rett til spesialundervisning.

Statsforvaltaren vurderer at også for desse elevane må det vurderast om eleven har eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa. Dersom årsaka til at eleven ikkje har høgare måloppnåing er at eleven har særskilte behov for tilpassing som skulen ikkje er i stand til å gje innanfor ordinær opplæring, vil eleven ha rett på spesialundervisning. At eleven har middels/god måloppnåing er i seg sjølv ikkje eit moment som er relevant når skulen skal vurdere utbytte til eleven. Det avgjerande er at eleven på grunn av eit særskilt behov for tilpassing (til dømes konsentrasjonsvanske, åtferdsvanske, dysleksi) ikkje får realisert sine læringsføresetnadar i den ordinære tilpassa opplæringa. Skulen må kartlegge den ordinære opplæringa, og deretter vurdere om dette tilbodet gir eleven eit tilfredsstillande utbytte.

For meir utfyllande opplysningar om kva moment som er relevante når skulen skal vurdere utbytte til eleven, sjå denne rettleiaren:

Rettleiar - vurdere tilfredsstillande utbytte av opplæringa


Bruk av assistentar til gjennomføring av spesialundervisning

Det er dei same krava til lærarkompetanse for spesialundervisning som for den ordinære opplæringa. Den som skal gi spesialundervisning må oppfylle kompetansekrava i opplæringslova for å kunne bli tilsett i undervisningsstilling og for å kunne gi opplæring i fag. Det er gjort unntak frå kompetansekravet i opplæringslova § 5-5, fordi det nokre gonger er nødvendig med anna kompetanse tilpassa behova til eleven. Det kan vere at eleven har behov for særskilt spesialpedagogisk kompetanse, til dømes lærar som er spesialpedagog, audiopedagog eller logoped. Unntaket må bli grunngitt ut ifrå faglege og pedagogiske årsaker og bruk av assistent kan ikkje bli grunngjeve ut ifrå denne føresegna. Unntaket kan nyttast der det er behov for å gjere avvik frå kravet om at læraren skal ha relevant fagkompetanse, jf. opplæringslova § 10-2.

Vilkåret for bruk av assistentar i spesialundervisninga, er som for den ordinære opplæringa, at det er forsvarleg. Dette følger av opplæringslova § 10-11. Assistenten skal ikkje ha ansvaret for opplæringa og han skal stå i relasjon til ein som har kompetanse. Dersom skulen vurderer at bruk av assistent er forsvarleg i spesialundervisninga, må grunngjevinga for dette komme klart fram av enkeltvedtaket.  

Rettleiar - krav til lærarkompetanse og bruk av assistentar

Felles skule og barnehage

Uklar/mangelfull sakkunnig vurdering

Dersom sakkunnig vurdering ikkje inneheld/oppfyller minimumskrava etter lova, eller den sakkunnige vurderinga er uklar, har ikkje kommunen/skulen eit godt nok grunnlag for å gjere vedtak. Vedtaksmyndigheita må be PPT om supplerande opplysningar før ho kan gjere vedtak. Dette følgjer av opplæringslova § 5-3 og forvaltningslova § 17.


Samtykke

Foreldra/eleven skal samtykke både til sakkunnig vurdering og til enkeltvedtaket. Det dreier seg om to ulike samtykke.

Sakkunnig vurdering: Begge foreldre med foreldreansvar som bur saman skal samtykke til sakkunnig vurdering. Dersom barnet bor fast hos den eine av foreldra, er det nok at denne samtykker til at PPT greier ut om barnet har behov for spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp.

Enkeltvedtak: Begge foreldre med foreldreansvar skal samtykke til enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning. Dette gjeld sjølv om barnet berre bur fast hos den eine av foreldra. I forlenginga av dette, vil det også være begge foreldra som underskriv klage på enkeltvedtak, og klage på manglande gjennomføring av vedtak.

Elevar som har fylt 15 år samtykker sjølv til sakkunnig vurdering og enkeltvedtak.

Rettleiar - samtykke før sakkunnig vurdering

Rettleiar - samtykke til vedtak om spesialundervisning

Rettleiar - samtykke før sakkunnig vurdering og samtykke til vedtak om spesialpedagogisk hjelp


Endringar undervegs i barnehage-/skuleåret

Av og til vil behovet til barnet endre seg i løpet av året. Dersom barnet har behov for endringar i spesialundervisninga /den spesialpedagogiske hjelpa, som ikkje følger av vedtaket, må det gjerast nytt vedtak. Foreldra/eleven må samtykke på vanleg måte. Vedtaksmyndigheita må vurdere om det er behov for ny sakkunnig vurdering, eller om det er nok å legge til grunn tidlegare utgreiingar i saka. Foreldra/eleven må samtykke til ny sakkunnig vurdering.

Kommunen/skulen kan avslutte vedtak om spesialpedagogisk hjelp / spesialundervisning dersom barnet ikkje lenger har behov for slik hjelp. Kommunen/skulen kan likevel ikkje avslutte vedtaket dersom foreldra/eleven vil at vedtaket skal halde fram. Sjølv om vedtaksmyndigheita vurderer at behovet ikkje lenger er til stades, skal vedtaket gjennomførast så lenge det er gyldig dersom foreldre/elev ønskjer det. Her er det viktig med god dialog med parten.

Rettleiar - behov for vidare vedtak om spesialundervisning

Rettleiar - behov for vidare vedtak om spesialpedagogisk hjelp


«Søknad» om spesialundervisning/spesialpedagogisk hjelp

Etter lova er det eit krav om samtykke før det blir gjort sakkunnig vurdering og samtykke før det blir gjort enkeltvedtak. Foreldre skal ikkje måtte søke om spesialpedagogisk hjelp eller spesialundervisning. Dersom skulen/barnehagen, i samarbeid med foreldra, tilviser til PPT, er det krav om samtykke, ikkje søknad. Dersom foreldre ber om sakkunnig vurdering, kan foreldra sin førespurnad om dette bli likestilt med eit samtykke til sakkunnig vurdering. At foreldre skal «søke», er ikkje eit vilkår som følger av lova, og vi tilrår derfor at kommunen ikkje nytter slike termar.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar