Dronning Sonjas skulepris 2025

Jobbar skulen din godt med inkludering og likeverd? Har de eit skulemiljø preget fellesskap og gode relasjonar? Da kan de vere aktuelle kandidatar til å vinne Dronning Sonjas skulepris!

Publisert 04.02.2025

Anna kvart år deles Dronning Sonjas skulepris ut til ein skule som har utmerkt seg ved å praktisere likeverd og inkludering. Kandidatane kan vere skular frå heile grunnopplæringa. Kanskje en skule frå Vestland fylke kan nå heilt til topps? Då treng vi gode søkarar.

Nominasjonsprosessen

Vi oppmodar skuleeigarar i kommunane og fylket til å identifisere kandidatar blant skulane og oppfordre dem til å søke. Andre aktørar som for eksempel elevråd, foreldre (FUG), organisasjonar og idrettslag kan også ta kontakt med skular eller skuleeigarar som dei meiner oppfyller kriteria, og oppmode dei om å melde seg som kandidatar. Skulene må sjølv søke prisen her Søknad til Dronning Sonjas skolepris 2025 . Søknadsfrist 31. mai 2025.

Kriteria for Dronning Sonjas skulepris

  • Skulen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevanes læringsmiljø.
  • Skulen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar enkelt elev opplever å bli verdsett i eit miljø som er prega av medverknad, tryggleik og fellesskap.
  • Skulen er kjenneteiknet ved å ha positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, elevane imellom, i tillegg til eit godt samarbeid mellom skule og heim.


Det er ikkje eit krav om at skulane må vere i mål med dette arbeidet. Skular som er i gode prosesser mot å nå måla kan også nominerast.

Det er ein jury som gjer det endelege valet av vinnarskulen 2025. Juryen blir leia av professor Mirjam Harkestad Olsen.

Premie

Dronning Sonjas skulepris delast etter planen ut av Den Høgvørde Hans Kronpris Haakon på vinnarskulen tentativt 25.november 2025. Vinnarskulen får 250 000 kroner, diplom og eit kunstverk utforma av Dronningen.

Alle nominerte skuler får eit diplom, som utmerking for at de er valde som gode representantar frå fylka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.