Dronning Sonjas skulepris 2021

Foto: Jørgen Gomnæs. Det kongelege hoff.

Vi har fått i oppdrag frå Utdanningsdirektoratet å nominere skular til Dronning Sonjas skulepris.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2021

Dronning Sonjas skulepris går annakvart år til ein skule som merkjer seg ut ved å praktisere likeverd og inkludering. Hennar Majestet Dronning Sonja tok sjølv initiativ til denne prisen i 2005. Vinnarskulen får 250 000 kroner og eit kunstverk. Alle nominerte skular vil få eit diplom, som utmerking for at dei er valde som gode representantar frå fylka.

Kriteria for prisen

  • Skulen arbeider langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med elevane sitt læringsmiljø.
  • Skulen praktiserer likeverd og inkludering på ein slik måte at kvar elev opplever å bli verdsett i eit miljø prega av medverknad, tryggleik og fellesskap.
  • Skulen er kjenneteikna av positive relasjonar mellom elevane og dei tilsette, og elevane imellom - og ved eit godt samarbeid mellom skule og heim.

Nominasjonsprosessen

Statsforvaltaren skal nominere kandidatar til prisen og oppmodar difor skuleeigarar til å melde sine skular som kandidatar. Andre aktørar kan også nominere skular, via Statsforvaltaren. Vi oppmodar ulike organisasjonar til å ta kontakt med skular eller skuleeigarar dei meiner oppfyller kriteria, og oppmode dei om å melde seg som kandidatar.

Skulen treng ikkje vere "perfekt" for å bli nominert. Det er viktig at juryen får eit godt utval av kandidatar å velje mellom. Det er mogleg å melde inn kandidatar frå tidlegare år.

Utdanningsdirektoratet har laga eit skjema som skulane kan nytte når dei gjer greie for korleis dei arbeider med likeverd og inkludering. Skjema for nominasjon og meir informasjon om prisen finn ein på Utdanningsdirektoratet sine nettsider (sjå lenke i høgre marg).

Skjema må skrivast ut og sendast inn til vår postadresse: Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger. Skjemaet kan alternativt sendast som eit vedlegg til e-postadresse: sfvlpost@statsforvalteren.no. Frist er 13. august 2021. Merk med Dronning Sonjas skulepris 2021.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.