Barnets beste - frå teori til praksis
Kva betyr det at barnets beste skal vere eit grunnleggjande omsyn i alle saker som gjeld barn? Vi ønsker velkommen til digitalt seminar med Barneombod Inga Bejer Engh og statsforvaltarane.
Publisert 13.02.2024
Barneombodet sitt nye e-læringskurs gir innføring i barnets beste-vurderingar og i barn sin medverknad på både system- og individnivå.
På seminaret ønsker vi å presentere kurset og modellen. Den håper vi kan bli nyttig i kommunane sitt arbeid med å sikre barnet sitt beste i praksis.
Seminara blir arrangert i eit samarbeid mellom Statsforvaltarane.
Del gjerne med andre som kan ha nytte av å delta.
Målgruppe er alle som tar beslutningar på vegner av samfunnet, og som skal vurdere kva som er best for barn, både på individnivå og på systemnivå.
Vel møtt!