Barnevernsreforma har gitt kommunen meir ansvar på barnevernsområdet. Reforma regulerer først og fremst barnevernet, men målet er å styrkje førebyggande arbeid og sikre tidleg innsats i heile oppvekstsektoren. Kommunen må derfor gjere endringar i heile oppvekstsektoren.
Ansvaret for barnevernet er delt mellom stat og kommune, og reforma har flytta meir av ansvaret over til kommunen. Bakgrunnen for flyttinga av ansvar er at kommunen har større nærleik til familiar og betre innsikt i behova til barn og familiar. Det overordna målet med reforma er at fleire utsette barn og familiar skal få den hjelpa dei treng, når dei treng det.
Mål med reforma
- Kommunane skal styrkje arbeidet med tidleg innsats og førebygging
- Hjelpa skal bli betre tilpassa behova til barn og familiar
- Sikre rettstryggleiken til barn og familiar
- Gjere ressursbruken og oppgåveløysinga i barnevernet meir effektiv
For å lykkast med reforma må kommunane sjå alle sine tenester retta mot barn, unge og familiar i samanheng. Samla sett er reforma derfor ei oppvekstreform.
Andre viktige endringar er:
- Kommunen har fått eit auka fagleg ansvar, mellom anna eit heilskapleg ansvar for å følgje opp og rettleie fosterheimar.
- Det økonomiske ansvaret til kommunen er større, noko som blir kompensert gjennom auke i rammetilskotet. Endringa motiverer kommunane til å jobbe førebyggande.
- Kommunane får ei lovfesta plikt til å søkje etter fosterheim i barnets familie og nære nettverk.
Statsforvaltarens rolle
Statsforvaltaren har ei aktiv rolle i barnevernsreforma ved å støtte kommunane i deira arbeid. Reforma tok til å gjelde januar 2022, og vi følgjer opp korleis kommunane gjennomfører reforma. Vi tilbyr rettleiing til kommunar som har utfordringar med dei nye ansvarsområda.
Arbeidet med reforma i Vestland
Kva er forventningane til kommunane?
Målet med reforma er først og fremst at kommunane skal gje enda betre tenester og godt koordinert hjelp til rett tid når barn og unge treng det. Tidleg innsats, tverrfagleg samarbeid, heilskaplege og godt koordinerte tenester og tiltak er sentrale stikkord for å lykkast med dette. Les meir om barnevernsreforma på nettsida til Barne-, ungdoms- og familiedepartementet (Bufdir).
Krav om plan for det førebyggande arbeidet
Kommunestyret skal vedta ein heilskapleg plan for kommunen sitt arbeid med å førebyggje omsorgssvikt og åtferdsvanskar, jamfør § 3-1 i barnevernlova. Formålet er å bidra til ei overordna forankring av det førebyggande arbeidet i kommunen, i tillegg er det tenkt som eit viktig verktøy for å sikre systematisk innsats for å legge til rette for heilskaplege tenester.
Samhandlingsplikt
Frå 1. august 2022 gjeld lovendringane om samarbeid, samordning og barnekoordinator. Formålet med endringane i 14 ulike lovverk er å styrke oppfølginga av utsette barn og deira familie gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene. Offentlege instansar og andre tenesteytarar skal samhandle dersom samarbeid er nødvendig for å gi barnet eit heilskapleg og samordna tenestetilbod. Les meir i saka om endringar i velferdstenestelovgjevinga.
Tenestekatalogar
Bufdir har utarbeidd fleire tenestekatalogar som skildrar forventningar og ansvarstilhøve mellom aktørane på dei ulike fagområda. Formålet er at tenestekatalogane skal bidra til likeverdige tenester for barn, unge og familiar i heile Noreg. Dei område som det er utarbeida tenestekatalog på er; fosterheim, hjelpetiltak (ikkje publisert endå), institusjon, familievern, einslege mindreårige asylsøkjarar og adopsjon. De finn alle tenestekatalogane på denne nettsida.
Ressursar i arbeidet
Under har vi lista opp verktøy, modellar og stønadsordningar som er aktuelle: