Flytting av barn på barnevernsinstitusjon i nødssituasjonar

Det kan oppstå akutte situasjonar der eit barn som bur på barnevernsinstitusjon utan samtykke etter barnevernslova, må flytte før barneverns- og helsenemnda rekk å ta stilling til spørsmålet.

Publisert 10.05.2024

Flytting av barnet kan vere ulovleg

Det er barneverns- og helsenemnda som kan vedta plassering av eit barn på institusjon utan samtykke, jamfør barnevernslova § 6-2. Eit vedtak om plassering i institusjon utan samtykke, er berre gyldig for den institusjonen eller avdelinga som er namngitt i vedtaket frå barneverns- og helsenemnda. Det vil difor vere i strid med lova å flytte barnet ut frå institusjonen. Dette gjeld sjølv om opphaldet utanfor institusjonen berre er kortvarig, barnet ikkje formelt er utskriven og sjølv om personalet frå institusjonener saman med barnet.

Grunnlag for flytting i akutte faresituasjonar

Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) har uttalt at det kan vera grunnlag for flytting, der det føreligg fare for skade på liv, helse, eigedom eller annan interesse (såkalla nødrett). Det er eit krav at skaden må vere nært føreståande, og at ein ikkje kan avverje faren på ein anna rimeleg måte. Bufdir legg til grunn at vilkåret vil vere oppfylt til dømes der barnet har tent på institusjonen, institusjonen har brent ned eller det ikkje er fysisk mogleg å bu der. I eit slikt tilfelle kan det vere fare for at barnet sjølv eller andre barn blir skadelidande fordi det ikkje er nokon eigna stad der barnet kan vere og få omsorg og beskyttelse.

Kven kan nytta seg av nødretten?

I utgangspunktet kan både Bufetat, den kommunale barnevernstenesta og institusjonen ta i bruk nødretten. Bufdir slår fast at det er mest nærliggande at det er Bufetat eller den kommunale barnevernstenesta som tek avgjerda om å flytte barnet. Dette er fordi det er Bufetat som har ansvaret for institusjonstilbodet, og som har best føresetnad for å finne ein alternativ institusjon. Barnevernstenesta har på si side oppfølgingsansvaret for barnet, og mynde til å be Bufetat om å finne ein ny institusjonsplass til barnet. Uansett kven som avgjer flytting, må flytting skje i tett samarbeid mellom institusjonen, Bufetat og barnevernstenesta.

Der tilbakeføring ikkje er aktuelt

I tilfelle der det blir vurdert at faren for skade vil vedvare og det ikkje er aktuelt med tilbakeføring, må barnevernstenesta straks kontakte barneverns- og helsenemnda for å fastsetje tidspunkt for ny sak om plassering i institusjon etter barnevernslova § 6-2.

Du kan lese meir om flytting i nødsituasjonar i uttalen frå Bufdir, som du finn på deira heimeside. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.