Barnevernsinstitusjonar bør tydeleggjere roller og ansvar i samband med legemiddelhandtering
Det er store variasjonar i legemiddelhandteringa ved institusjonane og i kva grad det er utarbeidd rutinar for arbeidet. Barne- ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) er i gang med å utarbeide nasjonale rutinar for legemiddelhandteringa som dei tilrår alle institusjonar å implementere.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Nasjonal kompetansetjeneste for samtidig rusmisbruk og psykisk lidelse (N-ROP) ved Sjukehuset innlandet har saman med Høgskulen Innlandet gjort ei undersøking av handtering av medisinar på barneverninstitusjonar. Undersøkinga er gjennomført på oppdrag frå Bufdir og den viser uønskt variasjon i praksis.
Bufdir peikar på at variasjonen i praksisen i nokre tilfelle kan innebere risiko for uønska hendingar og enkelte gongar vere i konflikt med barn og unge sine rettigheiter. Undersøkinga viser òg at det er store variasjonar i prosedyrane institusjonane har for arbeidet.