Kompetanse- og tenesteutviklingstilskot 2024
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2024 23:00
- Målgruppe:
- Tilsette i omsorgstenestene, og brukarar av kommunale omsorgstenester
- Ansvarlig:
- Helse- og omsorgsavdelingen
- Hvem kan søke:
- Kommunar, fylkeskommune, universitet og høgskular, fagskule. Kommunar kan gjerne søke i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, frivillig sektor, utdanningsinstitusjonar, næringsliv eller andre. Fylkeskommunar kan berre søkje om tilskot til kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet.
- Rapporteringsfrist:
- 15. februar 2025 23:00
Tilskot til kompetansehevande tiltak og utvikling av tenestene med mål om å redusere mangelen på personell med relevant fagutdanning og legge til rette for ein bærekraftig omsorgsteneste.
Nytt søknadsskjema for 2024 finn du under «Dokument». Regelverket er det same som i 2023.
Les meir om tilskotet på heimesida til Helsedirektoratet.
Søknader og rapportering skal gå elektronisk til vårt postmottak: sfvtpost@statsforvalteren.no
Merk at dette ikkje skal gå direkte til kontaktpersonane.
Søknadsfrist 15. mars 2024
De kan rekne med å få svar på søknaden innan 24. juni 2024.
Kva kan tilskotet gå til?
- Grunn- og vidareutdanning, alle nivå
- Praksisplassar i omsorgstenesten
- Statleg ABC-opplæring
- Opplæring brukarstyrt personleg assistanse (BPA), i tråd med kommunen sin opplæringsplan
- Desentraliserte studier
- Tenesteutviklingsprosjekt, inntil 5 prosjekt
- Opprette og teste modellar for fleksible kommunale avlastingstilbod for pårørande.
Andre tildelingskriterium, prioriteringar og regelverk for ordninga kan du lese om på nettsida til Helsedirektoratet og i brevet frå Statsforvaltaren.
Rapportering for tilskot motteke i 2023
Frist for å rapportere på tilskot motteke i 2023 er sett til 15. februar 2024. Sjå eigen artikkel om rapporteringa (lenke)