Tilskot til midlertidig styrking av eksisterande tilbod innan psykisk helse- og rusarbeid
- Søknadsfrist:
- 25. juni 2021 23:00
- Målgruppe:
- Barn, unge og vaksne med psykiske plager/rusproblem med behov for hjelp.
- Ansvarleg:
- Helse- og omsorgsavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunane i Vestfold og Telemark (åleine, saman med andre kommunar, saman med spesialisthelsetenesta, eller med andre aktørar).
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2022
Statsforvaltaren lyser ut eit midlertidig tilskot som kommunane kan søkje på. Søknadsfrist er 25. juni 2021.
Regjeringa ønsker å styrke kommunane sine eksisterande behandlingstilbod innan psykisk helse- og rusarbeid for å møte dei akutte behova for psykososial oppfølging av personar som slit på bakgrunn av sosial isolasjon og andre belastningar knytt til pandemisituasjonen.
Tilskotet blir lyst ut med atterhald om bevillingsvedtak i stortinget si handsaming av revidert nasjonalbudsjett.
Mål for tilskotet
Føremålet med tilskotet er ei midlertidig styrking av, og å auke tilgangen til dei eksisterande kommunale lågterskel behandlingstilboda innan psykisk helse- og rusarbeid som følgje av koronapandemien, med mål om å kunne hjelpe fleire av dei som slit.
Målgruppe
Barn, unge og vaksne med psykiske plager/rusproblem med behov for hjelp.
Kven kan søke på tilskotet
Kommunane i Vestfold og Telemark (åleine, saman med andre kommunar, saman med spesialisthelsetenesta, eller med andre aktørar).
Kommunen som søker er administrativt og økonomisk ansvarleg, og vil få utbetalt tilskotet.
Korleis søke
Bruk eige søknadsskjema (sjå boksen "Dokument" anna stad på sida).
Ytterlegare informasjon om tiltaka kan sendast inn i eige vedlegg til søknaden.
Søknaden skal være kortfatta og ha omtale av korleis kommunen vil styrkje tilbodet sitt.
Søknaden skal underteiknast av kommunedirektør/rådmann, eller den som har signeringsfullmakt, og sendast til Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark: sfvtpost@statsforvalteren.no
Tilskot gis til
Tilskot blir prioritert til lågterskeltilbod som kan bidra til å gje rask hjelp til dei som har, eller har hatt det spesielt vanskeleg i tida med pandemi. Tiltaka må ta utgangspunkt i dei lokale forholda og behova.
Eksemplar på aktuelle tiltak det gis stønad til:
- Auka bemanning, utvida opningstid, «open dør», eller fleksibel tilgjengelegheit i eksisterande tilbod
- Styrking av førebyggande tiltak og tidleg innsats
- Oppsøkande arbeid/ambulerande tilbod
- Styrking av samhandling mellom faggrupper, tenestenivå, tenester og aktørar, inkludert spesialisthelsetenesta
Tilskotet kan og nyttas til kompetanseheving innan psykososial beredskap, førebyggande tiltak og tidleg innsats
Tildelingskriteria
Statsforvaltaren vil vurdera søknader etter skjønn, med utgangspunkt i forventa måloppnåing.
For meir informasjon om kriteriar og rapporteringskrav, sjå Helsedirektoratet sine nettsider.
- Søknadsfrist:
- 25. juni 2021 23:00
- Målgruppe:
- Barn, unge og vaksne med psykiske plager/rusproblem med behov for hjelp.
- Ansvarleg:
- Helse- og omsorgsavdelinga
- Kven kan søke:
- Kommunane i Vestfold og Telemark (åleine, saman med andre kommunar, saman med spesialisthelsetenesta, eller med andre aktørar).
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2022