Tilskot til utvikling av dei sosiale tenestene i NAV-kontoret
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2021 23:00
- Målgruppe:
- Sosialt og økonomisk vanskelegstilte
- Ansvarleg:
- Helse- og omsorgsavdelingen
- Kven kan søke:
- Nav-kontora i Vestfold og Telemark
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2022
Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til å utvikle sosiale tenester som er heimla i sosialtenestelova.
Målgruppa for ordninga er sosialt og økonomisk vanskelegstilte som har behov for sosiale tenester, og andre som står i fare for å kome i ein vanskeleg livssituasjon.
Det er NAV-kontora i Vestfold og Telemark som kan søkje.
Følgjande område vil bli særskilt prioriterte i 2021:
- bruk av ordinært arbeidsliv
- oppfølging av barnefamiliar, ungdom og innvandrarar
- sikring av sårbare overgangar, blant anna lauslating etter straffegjennomføring, overgangar mellom ulike tenester, utdanning og arbeidsliv. Målet å få erfaring med desse verkemidla for vidare utvikling av tilskotsordninga, og Arbeids og veferdsdirektoratet ønskjer blant anna å prøve ut nettverk/ klyngesamarbeid og ekstern prosessevaluering på nokre tiltak som melder si interesse i søknadsskjemaet.
- For meir informasjon sjå fullstendig utlysingstekst i høgremenyen. Der finn de også regelverk og søknadsskjema.
- Arbeids -og velferdsdirektoratet ønskjer å prøve ut ulike modellar og verkemiddel for å få meir kunnskap om gode tiltak og korleis dei kan spreiast.
Det overordna målet med tilskotsordninga er å gi eit heilskapleg og samordna tenestetilbod tilpassa behova til brukarane. Gjennom nye arbeidsmetodar og samarbeidsformer skal brukarane oppleve auka kvalitet i tenestene, og gjennom dette også betra levekår. Tenestene skal utformast slik at brukarane kan få moglegheit til å nytte arbeidsevna si, slik at flest mogleg kjem i lønna arbeid og beheld tilknytinga til arbeidslivet over tid.
Søknadsfrist er 1. februar 2021.
- Søknadsfrist:
- 1. februar 2021 23:00
- Målgruppe:
- Sosialt og økonomisk vanskelegstilte
- Ansvarleg:
- Helse- og omsorgsavdelingen
- Kven kan søke:
- Nav-kontora i Vestfold og Telemark
- Rapporteringsfrist:
- 1. februar 2022
Kontaktpersonar
-
Hilde Gogstad
Tlf: 33 37 23 87 -
Karin Sørensen
Tlf: 35 58 61 94 / 90 62 47 33