Tilskotsordningar for 2021

Søknadsfrist:
15. januar 2021
Målgruppe:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar kan søkje om økonomisk stønad for å betre natur- og miljøtilstanden i fylket
Ansvarleg:
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Kven kan søke:
Grunneigarar, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar kan søkje om økonomisk stønad for å betre natur- og miljøtilstanden i fylket

Fristen for å søke statlege tilskudd til miljøtiltak gjennom Miljødirektoratets søknadssenter er fredag 15. januar for dei fleste av tilskuddsordningane.  

Publisert 11.01.2021

Miljøstyresmaktene set årleg i verk ei rekkje tiltak for å betre miljøtilstanden i Noreg. Det er oppnådd mykje i det nasjonale miljøvernarbeidet, men ein står framleis overfor betydelege utfordringar.

For å lykkast i arbeidet må styresmaktene samarbeide med andre aktørar. Medverknad frå stat og kommune, private verksemder, organisasjonar og einskildpersonar må til om ein skal løyse klima- og miljøutfordringane.

Å stimulere til ein slik brei medverknad gir Klima- og miljødepartementet tilskot til ulike tiltak som blir sette i verk av organisasjonar, private verksemder, kommunar og privatpersonar. Rundskrivet (lenke i menyen til høgre) gir orientering om departementet sine tilskotsordningar som er opne for søknad frå desse.

Korleis søke:

Du kan gå direkte til søknadssenteret. Her kan du registrera deg som søkjer og finne informasjon om søknadsprosedyren saman med omtale av dei enkelte tilskuddsordningane. Rapportering av tiltak det er gitt tilskudd til, skal også skje gjennom søknadssenteret. 