Skjønnsmidlar til kommunar med høge meirutgifter til pandemihandtering

Statsforvaltaren har fordelt 80 millionar kroner til kommunane i fylket. Pengane skal dekke ekstrautgifter til smittevern og oppfølging av TISK-strategien som følgje av pandemien.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 03.12.2021

Stortinget løyva i juni 1,5 mrd. kroner i ekstra skjønnsmidlar til kommunane i landet for andre halvår grunna pandemien. 80 mill. kroner av denne løyvinga blei vidare sett av til kommunane i Vestfold og Telemark. Statsforvaltaren har no fordelt midlane på kommunane i fylket.

- Dei samla meirutgiftene til kommunane i fylket i andre halvår har vore monaleg høgare enn det vi kan kompensere for innanfor denne ramma. 80 mill. kroner er altså ikkje nok til at alle kommunane får dekt sine meirbehov no, seier fungerande statsforvaltar Fred-Ivar Syrstad.

Midlane er fordelte på bakgrunn av smittetrykket i kvar enkelt kommune og kommunane sine rapporteringar om meirutgifter til statsforvaltaren, og er sett i samanheng med auka innbyggartilskot i andre halvår grunna i pandemien.

- I tillegg har vi hatt eit heilskapleg blikk på situasjonen kommunane har stått i, seier Syrstad.

Fleire kommunar var overkompenserte gjennom auka innbyggartilskot i første halvår. Det gjeld kommunar med relativt få smittetilfelle. Desse kommunane har samla sett i stor grad fått dekka sine meirutgifter gjennom året. Dei får ikkje tildelt skjønnsmidlar i denne omgang. Det er òg nokre kommunar med eit visst meirbehov som ikkje får tildelt skjønnsmidlar. Statsforvaltaren vurderer at behovet for kompensasjon, innanfor ei avgrensa skjønnsramme, er større i dei andre kommunane.

I Prop. 24S (2021-2022), som blei lagt fram for Stortinget 26. november, foreslår regjeringa ytterlegare 750 mill. kroner til kommunane i år grunna pandemien. Desse midlane kjem i tillegg til skjønnsmidlane.

Tabellen under syner den kommunevise fordelinga av skjønnsmidlane.

Kommune

Ekstra koronaskjønnsmidlar første halvår 2021

Horten

7 000 000

Holmestrand

8 000 000

Tønsberg

11 000 000

Sandefjord

9 500 000

Larvik

9 500 000

Porsgrunn

8 000 000

Skien

12 000 000

Notodden

2 000 000

Færder

8 000 000

Siljan

500 000

Bamble

500 000

Nome

1 500 000

Midt-Telemark

2 000 000

Hjartdal

500 000

SUM

80 000 000

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.