Tilrår nedjustering av tiltaksnivå for Vestfoldkommunane
Etter møte med dei 6 kommunane i Vestfold i dag har Statsforvaltaren sendt ei tilråding til Regjeringa om at dei får gå ned på tiltaksnivå 5B frå og med måndag 12. april.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 09.04.2021
Tilrådinga samsvarar med kommunane sitt sameinte ynskje om tiltaksnivå.
Av omsyn til regional samordning med tiltak for Grenlandskommunane har Statsforvaltaren tilrådd at tiltaka varar til og med 22. april.
Kontaktpersonar
-
Sigmund Skei
Tlf: 33 37 23 90