Tilrår at 5B-tiltak ikkje vert vidareført

Etter møtet med kommunane idag har Statsforvaltaren tilrådd at tiltaka etter Covid-19-føresegna kapittel 5B for kommunane i Grenland og Vestfold ikkje vert vidareført etter 22. april.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.04.2021

Kommunane vil ut frå det lokale risikobiletet vurdere innføring av lokale føresegner/tilråingar som supplement til dei nasjonale tiltaka.

Statsforvaltaren har tilrådd at kommunane i dei tett samanvevde bu- og arbeidsmarknadsregionane i fylket samarbeider om desse tiltaka.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar