Koronavaksinasjon i gang i Vestfold og Telemark

Kommunar i regionen vår startar denne veka med å vaksinera mot covid-19.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.01.2021

I starten vil det ikkje vera nok koronavaksine til alle i dei tilrådde gruppene, så vaksine blir gitt til dei som treng det mest først. Det er bebuarar i sjukeheim og dei eldste som vil få vaksine først. Grunngjeving er:

  • Eldre og personar med enkelte sjukdommar og tilstandar er dei med størst risiko for alvorleg forløp og død.
  • Bebuarar i sjukeheim ser ut til å vera særleg utsett.
  • Høg alder peikar seg ut som den dominerande risikofaktoren for alvorleg sjukdom og død på grunn av covid-19. Ved høg alder aukar òg førekomsten av dei sjukdommane som vi veit gir auka risiko for alvorleg forløp og død dersom dei får koronavirus (risikogruppene)
  • Risikoen stig bratt frå 60-åra og oppover, både for sjukehusinnlegging og død.
  • Ved å verna desse med vaksinar, vil vi redusera alvorleg sjukdom og dermed òg redusera belastninga på helsetenestene og alle som jobbar der.

Utvalde helsepersonellgrupper blir òg vaksinerte i januar

På grunn av betydeleg fare for meir smitte dei næraste vekene vil òg utvalde helsepersonellgrupper bli prioriterte for vaksine saman med sjukeheimsbebuarane og dei eldste. Det er dei regionale helseføretaka og kommunane som avgjer kven som skal prioriterast etter forslag til kriterium frå FHI.

Godt smittevern er framleis viktig

Det vil komma nye forsyningar av vaksine kvar veke, men det vil ta lang tid før alle som blir tilrådd vaksinasjon får tilbodet, difor vil smittevernråd framleis gjelda i lang tid. 

Så i mellomtida må vi hugse:

  • god hand- og hostehygiene
  • å halda 1 meter avstand til andre enn dei du bur med
  • dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, må du halda deg heime og du bør ta ein test
  • Følg òg dei utvida smittevernreglane som Regjeringa kom med den 3. januar

Meir informasjon om korleis vaksineringa vert gjennomført finn dykk på kommunane sine nettstader. 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar