Kontroll av kommuneplanvedtak i Nissedal
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har iverksett kontroll av om vedtaket av arealdelen til kommuneplanen i Nissedal er lovleg. Kontrollen er iverksett som følgje av moglege saksbehandlingsfeil.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren har teke i mot ei oppmoding om kontroll av vedtaket for to område i kommuneplanen. Dei aktuelle områda blei avsett til høvesvis massetak og byggjeområde for fritidsbustader. Det er ordføraren i Nissedal som eiger areala.
Det er sett fram ein rekke påstandar om mogleg inhabilitet ved behandlinga av dei aktuelle områda. Det er peikt på at ordførar, trass i at han erklærte seg inhabil ved handsaminga av saka, har spilt ei aktiv rolle i prosessen. Det er vidare påstått at to av kommunestyrerepresentantane kan ha tette band inn mot selskapet som skal drifte massetaket, og selskapet som skal byggje fritidsbustadene.
Statsforvaltaren har i dette tilfelle vurdert å ta saka opp til statleg kontroll av om vedtaket er lovleg av eige tiltak. Det er lagt vekt på at det ikkje er ordinær klagerett på kommunale vedtak om kommuneplan. Statsforvaltaren meiner at det vil styrke tilliten til prosessen som har vært med kommuneplanen når det no blir iverksett ein uavhengig kontroll av habiliteten i saka.
Det er sendt førehandsvarsel til kommunen om mogleg oppheving av kommunestyret sitt vedtak av 25. mars 2021, og da avgrensa til dei to områda. Kommunen er gitt frist til å svare på varselet innan 15. juli.