Soneinndelinga og dei sameinte råda for Vestfold og Telemark vert oppheva frå i dag!

Kommunane i Vestfold og Telemark i lag med Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark vart i dag samde om at dei sameinte råda og soneinndelinga opphevast frå i dag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.01.2021

Inndelinga og råda har vært retningsgivande sidan 6. november og har hatt ein funksjon ut frå situasjonen som var.

Dei nasjonale råda i lag med smitteutviklinga i fylket, gjer at det ikkje lenger har same hensikt å oppretthalda soneinndelinga.

Ny modell for risikostyring frå FHI vil og ta over mykje av den oppgåva dei same sameinte råda har hatt. I fall det er trong for å samordna tiltak seinare, til dømes langs ein kollektivakse, vil den nye modellen nyttast til det.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar