Tilråding: Utviding av Brokefjell naturreservat i Kviteseid

Brokefjell: Antatt 2-300 år gamle grantrær langs øvre deler av Kvævabekken. Foto: Rein Midteng
Brokefjell: Antatt 2-300 år gamle grantrær langs øvre deler av Kvævabekken. Foto: Rein Midteng

Statsforvaltaren har sendt tilråding til Miljødirektoratet om frivillig vern av utviding av Brokefjell naturreservat i Kviteseid kommune.

Publisert 21.11.2024

Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark tilrår vern av utviding av eksisterande Brokefjell naturreservat i medhald av naturmangfoldloven (lov om forvaltning av naturens mangfold). Området er utviding av eksisterande Brokefjell naturreservat. Utvidingsarealet ligg i sin heilheit i Kviteseid kommune.

Tilrådinga omfattar 15712 dekar nytt verneareal. Totalt skogareal er 10818 dekar, og av dette er 9429 dekar produktiv skog. Skogdata er levert frå NORSKOG og areal er rekna ut frå UTM sone 33. Areal for eksisterande Brokefjell naturreservat er 10910 daa slik at totalt areal etter utvidinga blir 26622 daa.

Brokefjell er et av de mest verdifulle kjente furuskogsdominerte områdene i Telemark, særlig sett i sammenheng med eksisterende reservat. Området vurderes å være nasjonalt verdifullt (***).


Vedlegg i saka finn du under "Dokumenter".

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.