Forvaltningsplanen for Skrim og Sauheradfjella NR er oppdatert
Forslaget til forvaltningsplan som var på høyring i 2021 er no oppdatert og godkjend. Den oppdaterte planen er eit viktig verktøy i forvaltninga av Skrim og Sauheradfjella naturreservat.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Skrim og Sauheradfjella naturreservat strekkjer seg over fylkesgrensa frå Viken og over i Vestfold-Telemark fylke, og berører kommunane Kongsberg, Notodden, Midt-Telemark og Skien. Reservatet vart oppretta ved kongeleg resolusjon 19. desember 2008. Det vart utarbeidd ein forvaltningsplan for området som var ferdig i 2011. Vi sende ein oppdatert plan på høyring i mai 2021. Vi fekk tolv høyringsinnspel innan fristen 15. september. På bakgrunn av innspela har vi omarbeidd planen som var på høyring. Det rådgivande utvalet for verneområdet har godkjent endringane som er gjorde i planen.
Ein forvaltningsplan er eit viktig verktøy i forvaltninga av eit verneområde. Verneforskrifta seier kva som er lov og ikkje i verneområdet. Den seier også noko om kva som kan vere lov etter søknad. Ein forvaltningsplan gir utfyllande retningslinjer om forvaltning, tilrettelegging og skjøtsel og bidreg til å beskrive den praktiske betydninga av føresegnene i forskrifta. Endring av verneforskrifta er ikkje er ein del av forvaltningsplanarbeidet. Høyringsinnspel som gjeld dette er derfor noterte, men ikkje tekne til følgje.
Forvaltningsplanen er tilgjengeleg i lista til høgre og i Miljødirektoratets database for forvaltningsplanar på nett.
Oppsummering av høyringsinnspela med merknadene våre finn de i lista til høgre.
Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark og Statsforvaltaren i Oslo og Viken har samarbeidd om å utarbeide forvaltningsplanen.
Lenkjer
Dokument
- Forvaltningsplan for Skrim og Sauheradfjella (VV00001832).pdf
- Kart med tegnforklaring.pdf
- Vedlegg 1 Godkjente vedtekter rådgivende utvalg.PDF
- Vedlegg 2 Løypenett.pdf
- Vedlegg 3 Bygninger.pdf
- Vedlegg 4 Båtplasser.pdf
- Vedlegg 5 Anlegg.pdf
- Vedlegg 6 Frivillige organisasjoner.pdf
- Høringsinnspill med svar.pdf
Kontakt oss
Direktør miljøavdelingen:
Grethe Helgås
Telefon 33 37 23 09
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding