Lisensfelling av jerv startar 10. september
Kvota er på to dyr og er felles for heile rovviltregion 2 (Aust-Agder, Buskerud, Telemark og Vestfold).
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 07.09.2020
I møte 14. mai 2020 vedtok Rovviltnemnda i region 2 (Aust-Agder, Buskerud, Telemark og Vestfold) ei kvote på to – 2 – jerv gjeldande for heile region 2 .
Perioden for felling gjeld frå 10. september 2020 til og med 15. februar 2021, men vert avslutta tidligare ved fylt kvote.
Les meir om saka på heimesida til Fylkesmannen i Oslo og Viken
Der finn du meir informasjon om:
- kva som skal til for å delta i lisensfellinga
- korleis ein skal registera seg som jeger
- korleis holde seg oppdatert under jakta
- korleis ein skal varsla ved felt dyr
- kontaktpersonar
- telefon-nummer til vakttelefon