Seks av ti nasjonale villreinområde i dårleg stand
![Sommer og villrein på vidda. Foto: Kristian Kvaalen Herregården Sommer og villrein på vidda. Foto: Kristian Kvaalen Herregården](/siteassets/fm-vestfold-og-telemark/miljo-og-klima/dyr/villrein-pa-vidda-foto-kristian-kvaalen-herregarden-2.jpg)
Tilstanden for villreinen på Hardangervidda, Setesdal Ryfylke, Knutshø, Snøhetta, Rondane, Nordfjella når ikkje måla regjeringa har sett.
– Alarmen lyser bokstaveleg talt raudt for villreinen i Noreg, og dermed den gjenverande villreinstammen i Europa. Kvalitetsnorma er meint å vera eit solid styringsverktøy for å betra situasjonen. Dette er særleg viktig i ei framtid der klimaendringane er forventa å skapa ytterlegare utfordringar for villreinen, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Miljøavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark har ei viktig rolle i å sjå til at villreininteressene blir varetatt i arealforvaltninga, mellom anna gjennom bruk av innvending i plansaker.
Les meir om sak på heimesida til Miljødirektoratet og på villrein.no
![Figuren er henta fra NINA Rapport 2126 Figuren er henta fra NINA Rapport 2126](/siteassets/fm-vestfold-og-telemark/miljo-og-klima/nyheter/bilder/villrein-klassifisering.jpg)
Lenkjer
Kontakt oss
Fagsjef Natur:
Arne Christian Geving
Telefon 33 37 23 51 / 90 04 39 15
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding