Tid for å rydde i hagen?

Kjempespringfrø ved Melsom plante- og dyrefredningsområde. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Kjempespringfrø ved Melsom plante- og dyrefredningsområde. Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

Pass da på at plantane ikkje rømmer frå hagen din!

Publisert 24.04.2025

Er du hageeigar? Her får du praktiske råd som viser korleis du kan bidra til å hindra at framande skadelege planteartar spreier seg frå hagen din.

Plantar som rømmer frå hagar kan utgjera eit stort problem for norsk natur. Korleis?

Les meir i rettleiaren frå Miljødirektoratet: Unngå spreiing av framande artar frå hagen din

Ei rekkje hageplantar utgjer ein risiko, fordi dei kan konkurrera ut artar som allereie lever i norsk natur. Døme på slike plantar er hagelupin, rynkerose og parkslirekne. Les meir om desse artane på heimesida vår, og kva du kan gjera for at dei ikkje spreier seg frå hagen din.

Les og meir om korleis vera ein ansvarleg hageeigar på heimesida vår.

Takk for at du passar på at ikkje framande artar spreier seg til naturen vår!

Rynkerose (Rosa rugosa). Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark
Rynkerose (Rosa rugosa). Foto: Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark

 

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no


All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjelder saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding 

Telefon til vårt sentralbord:  33 37 10 00