Inspirasjonsfilm for å auke matgleda for eldre på institusjonar

Alle som arbeider med å kjøpe inn, lage og servere mat til eldre vil ha nytte og glede av Matgledekorpset.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.02.2021

Det er no laga ein inspirasjonsfilm for å auke matgleda for eldre på institusjonar.

Statsforvaltaren og Matgledekorpset i Vestfold og Telemark har laga ein inspirasjonsfilm som viser korleis ein med enkle grep kan skape sunne og enkle rettar og mellommåltid. Samstundes kan ein medverke til bruk av lokale råvarer og å minske matsvinn på institusjonar. Samarbeid mellom leiing, kokkar og pleiarar er med på å gjere måltida til eit høgdepunkt på dagen.

Det er laga ein kort teaser som gjev ein sniktitt på dei ulike tema i filmen. Sjølve hovudfilmen er på 20 minutt og er meint som inspirasjon for kommunar/institusjonar til å ta kontakt for å avtala møte med Matgledekorpset.

Landbruks- og matdepartementet har som mål at i løpet av nokre år skal alle fylke ha sine Matgledekorps. Link: https://matgledekorpset.no/

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.